Boka er sponsa av Bazar forlag
Spionen er ein ganske annleis roman enn dei andre Coelho har skrive, men den typiske poetiske skrivemåten og dei djupe refleksjonane manglar ikkje i denne boka heller. Romanen er skriven i brevform, med unntak av prolog og epilog. Det meste er «skrive» av Mata Hari, eller Margaretha Zelles. Eg hadde jo høyrt namnet Mata Hari før eg starta på boka, men eg ante jo eigentleg ikkje kven ho faktisk var (eller at det var ei ho i det heile tatt). Ho vert rekna som ein av verdas fyrste feministar, og vart tilsynelatande uskuldig henretta for å beskytte mange mektige menn ho hadde kjennskap til.
Mata Hari var altså ei nederlandsk kvinne som, etter å ha rømt frå eit grusomt ekteskap med ein militær i Indonesia, reiste til Paris for å leve eit fritt liv. Ho gjenskapte stripteasen frå noko tarveleg til noko sensuelt og kunstnerisk, og levde som eit sosialt midtpunkt. Strengt tatt var ho prostituert, og levde eit ganske utsvevande liv. Ein kan kanskje samanlikne ho med dagens Kim Kardashian, som til trass for manglande talent har ei evne til å begeistre menn og kvinner, og halde seg i rampelyset?
Uansett, fyrste verdskrig kjem snikande samstundes som Mata Hari aldres og utsjånaden hennar falmar, og ho vert lokka til å reise til Berlin for å opptre der. Etter mykje att og fram vert ho bedt om å fungere som spion for tyskerane, og går rett til franskmenna for å melde seg som dobbeltspion. Til trass for å aldri ha rapportert noko som helst, kun brukt tyskerane som ein minibank, vert ho dømd for spionasje på eit latterleg tynt bevisgrunnlag (eigentleg ikkje-eksisterande). Ho vert deretter henretta ved gevær- og pistolskudd, og begravd i ei anonym massegrav.
Dette er ikkje meint til å fungere som ein slags utdjupande biografi om Mata Hari, og er berre kort oppsummert (med bittelitt kunstnerisk fridom). Det er ei ganske kort bok, på knappe 180 sider med brei marg og stor skrift, så den er raskt utlest. Det er ikkje ein direkte spenningsroman (vi veit jo allereie frå starten at ho døyr), men hennar syn på verda og sitt liv (med litt hjelp frå Coelho) er uhyre interessant lesning. Og om du har lest og likt dei andre bøkene hans, er det ingen grunn til å stoppe her.
Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2016
Fleire bøker av Paulo Coelho finn du HER.
2 thoughts on “«Spionen» av Paulo Coelho”
Kommentarfeltet er stengt.