Sitat

“Hypnotisøren” av Lars Kepler

 photo Hypnotisoslashren_zps3wtln4ob.jpg

Dei som følgjer bloggen min, veit at eg er litt skeptisk til krim og må få det eg leser høgt anbefalt først, og no er det seks år sidan den fyrste boka om Joona Linna kom, og eg høyrer enno berre positivt om serien. Det er jo eigentleg ganske tjukke bøker til å vere krim/thriller, og eg lurte jo på korleis i alle dager ei så tjukk bok skal kunne halde spenninga og likevel ikkje skuffe i slutten?

Vel, eg aner ikkje korleis det skjedde, men eg satt altså og las denne boka sju timar (!) i strekk kvelden (omtrent 420 sider, for min del, boka er på 530 sider), så å seie at den gjekk raskt unna er vel ikkje å overdrive? Sjukt spennande, og utruleg velskrivne greier!

“Hypnotisøren” det er snakk om her, er psykiateren Erik Maria Bark, men han gav opp praksisen for ti år sidan etter ein del oppstyr rundt ein av pasientane i hypnosegruppa hans. Likevel bruker han no hypnose for å hjelpe politiet i ei spesielt prekær etterforskning, der ein heil familie er blitt slakta ned. Yngstesonen er så vidt i live, og ligg på sjukehus, og etter å ha hypnotisert den så vidt bevisste femtenåringen, bryt helvete ut. Media tar kontakt med Erik, og det er ikkje alle som tek lett på at han igjen har praktisert hypnose; og no er fleire menneske i fare.

Det som var spesielt drivande i denne boka, og som for min del klassifiserer det som thriller og ikkje ein krimalroman, var vel at vi fekk perspektivet frå dei andre involverte i historia, ikkje berre kriminaletterforskeren (altså han godaste Joona Linna). Den voldsomt kompliserte saka vart jo løyst til slutt, av stabeisen Joona Linna, som alltid har rett. Og eg har rett når eg seier at dette er ei god bok.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2010

Fleire bøker av Lars Kepler finn du HER.