Boka er sponsa av Font forlag
Eg har ikkje ytt denne boka rettferd, det kan eg seie med ein gong. Å lese denne midt i eksamenslesinga er noko av det teitaste eg har gjort, for eg har berre fått lest eit kapittel eller to om dagen, og det er rett og slett ikkje nok. Denne boka fortener at du dykker djupt inn i den og sluker sju-åtte-ni kapittel dagleg. For den er knallgod.
Eg har heller ikkje lyst å fortelje kva den handler om, for då vil eg øydeleggje omtrent alle overraskingar for dykk. Men eg kan jo sei at den startar med at Aaron Bever tar eit tog, og på dette toget møter han på den tidlegare svigermor si, som han ikkje har sett på mange år. Faktisk ikkje sidan han fekk eit psykisk samanbrot og omtrent øydela livet sitt. Han får vite at svigerfaren er død. Denne hendinga og opplysninga sender han tilbake i tid, og han kontaktar ekskjærasten sin Joni. Joni har flytta til USA og gjer stor suksess der, og har ingen ynskjer om å møte Aaron igjen. Litt etter litt vert forholdet deira rulla opp, Aarons psykiske helse, historia om Jonis far Siem, og korleis alt gjekk til helvetet. Nøkkelordet her er familiehemmelegheitar som avslørast.
Boka er nesten ufrivilleg morosam, med så mange tragiske (for karakterane) og komiske (for oss lesarar) scener, ting som nesten er for absurde til å vere oppdikta. Eg synest ikkje stikkorda mine for denne omtala er spesielt dekkande, for dei gjev nesten eit slags inntrykk av at det er Fifty Shades det er snakk om, men boka minner eigentleg meir om … tja, Et lite liv, kanskje? Ikkje like storslått, men skrivestilen er litt den same. Det er eigentleg ganske vanskeleg å samanlikne denne boka med noko anna. Den er noko for seg sjølv.
Forlag: Font
Utgivelsesår: 2016 (2010)