Boka er sponsa av Solum forlag
For litt over eit år sidan vart Paris utsett for eit terrorangrep. I dette angrepet døydde Hélène, kone til Antoine og mor til 17 månader gamle Melvil. I fortvilelsen etter konas død, skriv journalisten Antoine eit ope brev på Facebook med tittelen Hatet mitt får dere ikke, som vert utgangspunktet for denne sjølvbiografiske romanen.
Antoine uttrykker sorg over å miste sin store kjærleik, frustrasjonen over alt han som nybakt aleinepappa ikkje kan, fortvilelse over at sonen ikkje vil huske den fantastiske mora han hadde. Boka tek for seg dei to veke etter terroraksjonen, stort sett dagleglivet til Antoine og Melvil og korleis dette likevel må gå vidare.
Ei lettlest bok om eit tungt tema, som til trass sin tjukkelse (eller mangelen på sådan) er vond å svelge. Det er ei rørande og enkel bok som får fram essensen i korleis ein skal vinne over terroristane; Ein skal ikkje hate dei, ein skal ikkje vere redd dei, ein skal gå vidare og ignorere dei.
Forlag: Solum
Utgivelsesår: 2016