Sitat

«Lars er LOL» av Iben Akerlie

Boka er sponsa av Aschehoug forlag

Lars er LOL

Vinneren av ARKs barnebokpris. Debutboka til skodespelar Iben Akerlie. Ei barne-/ungdomsbok om Downs syndrom, forelskelse og Harry Potter. Litt stikkord for deg, der. Ikkje det at du ikkje har hørt om boka, for då har du ikkje vore i live det siste halvåret. Lars er LOL er kanskje den mest omtalte barneboka dei siste par åra, og hyppig lest av vaksne, noko som er forståeleg.

Kort oppsummering: Amanda liker Adam, Adam oppfører seg som ein dust, Amanda får Lars med Downs syndrom som fadderbarn, Amanda drit seg ut. Det er ei veldig søt og sjarmerande historie om vennskap, å passe inn, å gjere det rette, og ikkje minst om korleis det er å vere ungdom for tida. No er det ikkje lenge sidan eg var på den alderen (eller søren, det er snart ti år sidan, uæh), og eg kan totalt identifisere meg med Amanda. Å hamne i slike situasjonar som ho hamnar i, måten ho tenker på, kjennest likt meg på den alderen. Det kjennest litt fint.

Akerlie tek opp viktige tema i boka, skriv lett og flytande og arbeider seg raskt gjennom historia. Eg er positivt overraska, for eg har lest at språket skulle vere for vaksent for ein sjetteklassing (noko eg ikkje er einig i, men så var nok ikkje eg ein typisk sjetteklassing heller). Boka passer like godt for barn som for vaksne, og eg sikker på at historia vil rykke like mykje i hjarterotene dine som i mine.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Iben Akerlie finn du HER.