Sitat

«Fie faller» og «Noe skal skje» av Therese Aasvik

fie-faller

Kva gjer du når livet ditt kollapser? Når mannen din vil gå fra deg for ei anna? Som ikkje ein gong er yngre og penare enn deg? Når ungane dine ikkje liker deg lenger? Når du misliker alle «vennane» dine, og det viktigaste i livet ditt er å bruke smarte hashtagger på Instagram? Når alt eigentleg går til helvete? Vel, Fie prøver å fikse alt, slik ho alltid gjer. I femten år har ho brukt all si tid på å prøve å vere perfekt, vere den perfekte kona og passe inn i ektemannens vennegjeng (som alle er gifte med kvarandre). Men enkelte ting kan ikkje fiksast, og Fie må prøve det meste på nytt. Utan å avsløre for mykje, kan eg jo seie at enkelte ting kan fiksast.

Boka er tynn og ganske lettlest, med ein herleg liten snert av samfunnskritikk. Fie er ein ganske spennande karakter med mykje under den utruleg overflatiske overflata, som desperat prøver å finne tilbake til ein person ho ikkje veit om ho var. Det var underhaldande å følgje den vesle (eller store?) reisa hennar, og eg er spent på å starte på den nye boka hennar som kjem i januar.

Noe skal skje er sponsa av Vigmostad & Bjørke

noe-skal-skje

Og som dei seier på alle matprogram, vi har juksa litt! For før du les om at eg har lest Fie faller, har eg lest Noe skal skje òg. Denne boka er endå tynnare, og skriven med ein heilt anna stil enn debutboka.

Vi møter Fred, ein middelaldrande (antar eg) ungkar som lev eit ganske roleg og kjedeleg liv (han heiter «Fred» for ein god grunn). Fred ynskjer at noko skal skje, men ein skal vere forsiktig med kva ein ynskjer seg, for seriøst rare ting byrjar å skje. Samstundes fortel Fred om ungdomstida si, og det var visst litt av kvart som skjedde då òg. Vi finn eit enkelt og veldig komplisert menneske i Fred, og det er umogleg å bli glad i han. Det er ei fin og original bok, ein slags spenningsroman light. Absolutt verdt å lese!

Så for å oppsummere, er eg veldig imponert over skrivestilen til Aasvik, og ho er offisielt ført opp på mi uoffisielle liste over forfattarar eg skal følge med på vidare. Eg les verkeleg alt for lite norsk litteratur, alt eg går glipp av!

Forlag: Vigmostad & Bjørke
Utgivelsesår: Fie faller (2016), Noe skal skje (2017)

Advertisements