Sitat

«Arv og miljø» av Vigdis Hjorth

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Arv og miljø

Endeleg har eg og fått lest denne boka! Den har jo stått på leselista mi sidan den kom ut i haust (like lenge som den har stått på bestselgerlistene), og no har eg endeleg fått somla meg til å lese den. Og shit pomfritt, dama kan skrive! Dette er ei bok du ikkje kan suse igjennom; Eg måtte tvinge meg sjølv til å ta pustepauser (eg ville jo eigentleg ikkje legge den i frå meg), men her er det mykje å ta inn over seg og reflektere over før ein les vidare.

Bergljot har brutt med familien sin. Ho har så vidt kontakt med den eine systera, men dét er det. Etter å ha blitt mistrudd av dei då ho fortalte om overgrepa ho vart utsett for av faren, nektar ho å vere ein del av familien. Når foreldra opplyser om testamentet der dei to systrene får familiehyttene, medan ho og broren Bård får ei knapp kompensasjon, vert ho sugd inn i dramaet igjen – til trass for trangen til å halde seg unna. Det blir ikkje betre når faren dør midt i arvetvisten. Her kunne alt ha blitt betre, dersom mora og systrene berre kunne innrømme at dei trudde på ho, at dei angra. Men eigentleg vert det berre verre. Det er vanskeleg for Bergljot å snakke med familien som har avfeid henne heile livet, som ignorerer smerta hennar, som trur ho prøver å «gjere seg interessant».

Bortsett frå den veldig gjenkjennelege handlinga og frustrasjonen ein opplever, så er språket veldig, veldig interessant. Det er veldig muntleg, personleg, utan dialogar, med digresjonar eller forklaringar midt i ei setning, litt hopp i tid og hukommelse, litt tankar og litt fakta. Og veldig ekte. (Det minner meg faktisk litt om slik eg skriv når eg sit her og puslar.) Bergljot sin stream of consciousness er det som driv historia framover og verkar så oppriktig! Når du først har kome inn i hovudet hennar vert boka ganske så lettlest.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Vigdis Hjorth finn du HER.

3 thoughts on “«Arv og miljø» av Vigdis Hjorth

Kommentarfeltet er stengt.