Sitat

«Senteret» av Victoria Durnak

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Senteret

Dette er ei rå (på fleire måter) lita bok du kan spandere på deg utan dårleg samvit. Victoria Durnak skriv så bra, at sjølv om du bare følger tankane til hovedpersonen (det vert nemnd éin gong at ho heiter Elsa), så er det interessant og reflektert. Eg sit i alle fall att med kjensla av at eg har lest eit lite stykke god litteratur.

Hovedpersonen (Elsa) har nettopp blitt mamma, men ho er ikkje blitt glad i dottera si, «babyen». Ho har ikkje gitt ungen namn enno (det er visst ganske viktig å gjere dette innan seks månader for å unngå purringar og politianmeldelse). Ho har flytta frå Oslo til Skien, der ho ikkje kjenner ein einaste person, noko som var heile ideen bak flyttinga. Ho bur aleine, og bruker dagane på å trille vesla rundt om på Herkulessenteret. Der prøver ho av og til å bli venn med dei butikkansatte, ryddar i butikkhyllene og lèt vogna stå åleine i nokre minutt av gongen i håp om at nokon skal stele babyen. Og så blir ho interessert i tenåringsjenta Tiril, som konstant naskar og tar selfies.

Gjennom heile boka vert tema som fødselsdepresjon og einsemd skildra med ein varme, sårhet og humor som i mine auge gjer boka knallsterk. Mange av tankane til Elsa kan nok dei fleste av oss kjenne oss att i. Sjølve oppbygginga av romanen er òg verdt å merke seg, som at ho skriv eit innlegg på Babyverden om kjenslene sine, som får varierande svar i løpet av boka. Eit av favorittelementa mine var den subtile nedtellinga som gjekk føre seg jamt og trutt. Og om du lurer på kva nedtellinga talte ned til, så får du lese boka. Faktisk: les boka uansett. Og gi den i gave til vennane dine. Og familien din. Og dei butikkansatte på den lokale Menyen.

Forlag: Flamme
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Victoria Durnak finn du HER.

2 thoughts on “«Senteret» av Victoria Durnak

Kommentarfeltet er stengt.