Boka er sponsa av Bastion forlag
ÅÅÅÅÅ, SOM EG HAR VENTA PÅ DENNE BOKA!! Etter å ha slitt meg gjennom Enken, var denne boka et kjærkomment avbrekk. Eg absolutt elska Alt i et øyeblikk, så gjett om eg var spent då eg starta på denne. Og eg vart ikkje skuffa.
Lizzie har fått sparken frå radiojobben sin etter å ha hatt eit forhold til sjefen sin (etter først å ha dumpa langtidskjærasten sin for sjefen), og må no flytte heim til foreldra sine. For å ha noko å gjere, får mora hennar Lizzie til å vere besøksvenn på ein gamleheim, noko ho slett ikkje har lyst til. Etter kvart oppdager Lizzie at det ikkje er så verst, spesielt ikkje når ho kan sitje i timevis og høyre på gamle Clarissa Dallimore fortelje om livet sitt, spesielt om livet sitt før, under og etter andre verdskrig på landsbygda i England. Lizzie og Clarissa utvikler eit fint vennskap i løpet av boka, og ein blir varm om hjertet.
Historia har mange likskaper med Alt i et øyeblikk; hoppinga i tid, ung kvinne som har det litt vanskeleg, blir venn med gamal dame, får høyre historia hennar og samstundes prøver å ordne opp i sitt eige liv. Men eg føler likevel ikkje at «dette har eg lest før» (sjølv om romanar om unge kvinner i England under andre verdskrig er ein guilty pleasure of mine), for det er ei veldig fin bok. Eg likte den forrige boka betre, men dette var uansett ei absolutt herlig bok å dukke ned i. Enjoy!
Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2017
Fleire bøker av Erica James finn du HER.