Sitat

«For evig» av Sarah Jio

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Eg har no lest alle bøkene til Sarah Jio på norsk. Det er så langt seks stykker, og eg gløymer ikkje då eg oppdaga dei. Det er eit år sidan, og eg slukte dei fem fyrste. Og når eg plutseleg oppdaga at det var kome ei ny, måtte eg berre kaste meg over den. Det er noko heilt spesielt med å dukke inn i historiene til Jio, dei berre fangar deg frå fyrste side. Denne boka er ei slik bok du går og legge deg klokka ni, berre så du kan lese i timevis på sengekanten.

Kailey er endeleg der ho vil vere i livet: ein god jobb, hus som skal pussast opp og ein fantastisk forlovede. Ingenting kunne eigentleg bli betre. Etter ein romantisk middag med Ryan – forloveden – gir ho restematen sin til ein heimlaus mann utanfor restauranten. Kailey får sitt livs sjokk når ho oppdagar kven den magre og no tydeleg hjerneskadde mannen er; det er Cade, ekskjærasten og hennar livs store kjærleik. Kailey trudde ho var over denne mannen som forlot henne utan eit ord for så mange år sidan, men no veit ho ikkje lenger kva ho føler.

Dette er ikkje den mest eksotiske, romantiske eller dramatiske boka til Jio. Den er derimot den mest realistiske, og utan tvil den viktigaste av dei. Det er ei rørande historie om korleis dei vi elsker alltid er med i hjarta våre, og kor langt vi er villige til å gå for dei. Varmt, sjarmerande og fint.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Sarah Jio finn du HER.