Boka er eit leseeksemplar frå Norli
Dette var faktisk det første møtet mitt med Elena Ferrante. (Eg har jo så klart Napolikvartetten, men den skal sparast til eg har ei veke å pløye gjennom alle på rad.) Og eg kan jo starte med å nevne det alle enten elskar eller hatar ved bøkene hennar generelt: NYNORSKEN. Åååå, så kjekt eg synest det er at nynorsken har fått ein større plass i populærlitteraturen!
Det neste eg vil nevne er råskapen i boka. Både skrivestilen (veldig lik Arv og miljø av Vigdis Hjorth), og det brutale språket. Det er banning, obskøne seksuelle skildringer (vel, ikkje av faktisk sex), vilt raseri, ærlege bekymringer og mykje desperasjon.
Historia dreier seg om Olga, som etter femten års ekteskap vert forlatt av mannen sin. Dei har to barn, og ho har brukt heile livet på å støtte han, flytte dit han måtte flytte, teke seg av heimen. Og no har han gått frå henne for ei anna. Olga vert øydelagt; ho klarer korkje ta vare på seg sjølv, hunden eller barna sine. Ho er konstant rasande, og ho veit ikkje korleis ho skal kome seg vidare. Frustrasjonen vert teke ut over naboar, kundebehandlarar og tilfeldige menneske ho kjem over. Betre vert det ikkje når ho møter på ektemannen med den nye dama – eller, jenta.
Boka er ei driven stream of consciousness med raseri, sorg, panikk og fantasier Olga ikkje vil ha i hovudet. Det er ei fantastisk fordjuping i det primitive i oss, korleis vi kan miste all kontroll når vi mister nokon vi elsker. Det er gripande, sårt og rått – og anbefalast å lese i ein stor jafs.
Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2017 (2002)
2 thoughts on “«Svikne dagar» av Elena Ferrante”
Kommentarfeltet er stengt.