Boka er sponsa av Bazar forlag
Før du starter på denne boka, må du tenke litt på forventingane dine; om du forventer deg noko som Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant så vil du bli litt skuffa. Det er ikkje noko satirisk eller hysterisk morsomt med denne boka. Den er derimot lettlest, koselig og sjarmerande. Eg synest kanskje «uforglemmelig fortelling» er å ta litt vel i, men det er definitivt ei herlig bok. Og så vil eg berre legge til at originaltittelen matcher innhaldet betre, The curious charms of Arthur Pepper, men det er jo ein tittel som vanskeleg lar seg oversette.
Arthur Pepper er sekstini år gamal, og for eitt år sidan vart han enkemann. No skal han rydde i kona, Miriam, sine eigendelar og kome seg vidare. I den eine støvelen finn han eit charmsarmbånd han aldri kan hugse å ha sett kona gå med. Han vert nysgjerrig, og kikker litt på dei ulike anhenga. På eit anheng av ein elefant finn han eit telefonnummer, som han bestemmer seg for å ringe. Arthur vert heller forvirra når nummeret høyrer til ein indisk lege, som seier at Miriam var barnepiken hans på Goa. Arthur skjøner ikkje bæret, for kona hans var ei roleg dame som ikkje likte luksus, kledde seg i grått og marineblått og var ikkje noko eventyrlysten av seg. Vel, nysgjerrigheta tek over og han bestemmer seg for å finne ut historia bak kvar charm, noko som sender han ut på ei (nesten) «makeløs reise».
Boka er som sagt søt og fin, men det er ikkje stor litteratur. (Eg gjorde den tabba å starte på East of Eden av John Steinbeck før eg leste denne ferdig, og då var det nesten litt kjedeleg å starte på denne igjen). Smett den gjerne ned i kofferten når du skal på sommerferie og vil ha noko lettlest og underhaldande. Og hvis du liker bøker om charms, så kan eg anbefale For alltid i ditt hjerte av Viola Shipman (i tillegg til denne boka her, så klart!).
Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2017