Dette er eit ganske interessant prosjekt. Jon Fosse fikk ei stor interesse for diktinga til Wergeland etter å ha flytta inn i Grotten, der Wergeland i si tid budde. Fosse noterte mykje i margen om dikta han las, og skreiv så desse sjølvstendige dikta med Wergeland sin poesi som utgangspunkt. Dette er, for å sitere vaskelappen, «skrift over skrift». Vidare står det bakpå at «Det er noko frå Wergeland i alle dikta som her er samla, hulter til bulter, frå fleire dikt i eitt dikt, mykje i eit dikt, lite eller nesten ingenting i eit anna».
Sjølv har eg ikkje eigentleg lese noko av Wergeland, så eg har ikkje noko omgrep på kor mykje som er inspirert, nesten rett avskrive eller berre småplukk; Men at her er nasjonalromantiske trekk, er det i alle fall ikkje tvil om. Det er norsk natur, det er kjærleik, det er død. Alt er så flott og vakkert. Det som gjer dette ganske kult, er at det meste er skrive i modernistisk form.
Eg skal ikkje skryte på meg å ha forstått alt innhold frå perm til perm, men det er etter mitt syn ikkje så mykje djupareliggande meining bak desse dikta. Dei er derimot veldig fine og hyggjeleg lesing, og som sagt; eit interessant prosjekt. Og det er vel i hovudsak det, eit kunstnerisk og litterært prosjekt, meir enn faktisk litteratur til å lese som kos. (Og så er det mykje strofer i parentes! Parentes i litteratur, spesielt sjølvstendige setningar og delar, er noko eg er veldig for. Det må seiast.)
Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2016