Boka er sponsa av Cappelen Damm
Det er berre glede i å finne bøker av Kristin Harmel i postkassa, for ho har allereie bevist i sine to tidlegare romanar – Så lenge det er stjerner på himmelen og Livet som var ment for deg – at ho utan tvil kan skrive. Denne boka er absolutt ikkje noko unntak, for den er utan tvil på høgde med dei førre bøkene hennar. Faktisk vil eg påstå at denne historia med fordel kan samanliknast med Nicholas Sparks sine plott. Den er rett og slett fantastisk.
Journalisten Emily får ut av det blå tilsendt ein pakke frå Tyskland, som inneheldt eit maleri og ein kryptisk liten lapp. Det som er merkeleg med pakken, er at maleriet ser ut til å førestelle den nyleg avdøde bestemora hennar, Margaret, og lappen seier at bestefaren hennar aldri slutta å elske henne. Det som faktisk er forvirrande med lappen er at bestefaren forlot Margaret gravid etter andre verdskrig. I alle fall var det dét alle trudde. Emily set ut på ei jakt for å finne sanninga om bestefaren sin.
Samstundes får vi fortalt bestefarens historie, som tysk krigsfange i USA (Visste det at heile 400 000 tyskarar vart sende til USA for å arbeide under krigen??), der han møter Margaret. Dei forelskar seg hodestups, men veldig mange har noko i mot forholdet mellom ein tysk soldat og ei amerikansk jente.
Eg har berre avslørt bittelitt av handlinga, for her er mykje meir som går føre seg, spesielt når det gjeld Emily og hennar familie og fortid. Men det er nesten best om du berre opplever denne boka sjølv. Så stol på Emily Giffin, stol på RT Book Review, stol på Cappelen Damm, eller stol på meg. Dette er ei bok du vil lese. Det er ikkje utan grunn at Harmel er ein av favorittane mine. Du blir aldri skuffa.
Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2017
Fleire bøker av Kristin Harmel finn du HER.