Sitat

«Far din» av Bjørn Ingvaldsen

Denne barneboka provoserte meg. Den gjorde meg frustrert, fekk meg til å kjenne meg igjen og sette meg inn i ein situasjon. Den er truverdig, og den gjorde meg vekselsvis kald og varm i hjarterota. Med andre ord, ei veldig vellukka bok.

Boka handlar om Leo, som kjem heim og oppdagar at faren er blitt henta av politiet. Mora er i ei heilt eiga tilstand, og anar ikkje kva ho skal gjere. Det viser seg at faren har stole frå jobben, frå kolleger, frå garasjer og teke opp store lån. Leo merker mest av dette på skulen, der alle i klassa gjer det klart at dei ikkje vil ha noko med han eller «bandittfamilien» å gjere. Leo er mellom 9-11 (tippar eg), og veit ikkje kva han skal gjere med problemet. Så han gjer for det meste ingenting.

Historia er veldig, veldig godt skildra. Den verkar veldig truverdig, og går rett på sak. Det er lite om kjensler, hovudsakleg om kva guten tenkjer og opplev. Det er ikkje berre Leo som får historia til å verke realistisk, det er alle karakterane rundt han òg. Det er eit lite bygdesamfunn, og det er så altfor treffande korleis folk tek avstand og er ubehagelege (og av og til hjelpsame). Det er ein brysom nabo, det er klassekameratar som trur dei er bedre enn alle (og veldig påverka av foreldra sine meiningar), butikkansatte som ikkje lar deg handle, det er gode venner, det er nokre lærarar som er greie og nokre som ikkje kunne brydd seg mindre. (Og eg veit kva eg snakkar om, eg er frå ein slik stad.)

Eg vil legge til at eg trur boka fungerer best som vanleg litteratur. Vaksne gjer ofte den feilen når dei kjøper barnebøker, at dei kjøper noko dei ser på som relevant for barnets situasjon. Til dømes kjøper dei bøker om skilsmisser når dei sjølve skal skilje seg. Som om du kjøper denne boka til ein som har ein forelder i fengsel. Tru meg, ungar er smartare enn vi/dei vaksne tenkjer at dei er. Dei klarer fint å gjere seg opp meiningar om slike situasjonar sjølve. Om noko, burde slike bøker vere leste meir og på generelt grunnlag, og ikkje spesielt.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2016

Advertisements