Sitat

«Vi var løgnere» av E. Lockhart

Denne boka var ein av mange kupp eg gjorde på årets Mammutsalg, og då meiner eg verkeleg at denne boka var eit kupp. Og når eg i tillegg høyrde ein kollega av meg lovprise den og seie kor overraskande slutten var, fann eg ut at no må eg jo faktisk få lest den!

Og lese den gjorde eg. Og slutten var verkeleg overraskande. Faktisk var eg overraska over kor overraska eg vart (vanlegvis kan eg gjette meg fram til det meste), men denne psykologiske thrilleren tulla verkeleg med hovudet mitt. Spesielt med tanke på at ein av favorittfilmane mine innan psykologiske thrillarar har veldig likt plott. Og her var så mange hint (sett i ettertid)! Korleis såg eg ikkje dette komme?? (Svar: Fordi forfattaren har gjort ein sabla god jobb.)

Romanen handlar om og blir fortalt gjennom Cadence Sinclair Easton: ung, rik og psykisk sjuk etter ei traumatisk hending ho ikkje hugsar noko av. Etter ei mengde tid på sjukehus, er ho einsam og må gå opp att skule, og lite er slik Cady skulle ynskje det var. Ho har mista kontakta med søskenbarna og forelskelsen Gat (som utgjer dei fire som kallar seg Løgnerne), og gler seg til å kome tilbake og tilbringe sommarferien på familiens private øy (ja, privat øy). Ho prøver å finne ut kva som hendte henne og gav henne hukommelsestap, men ingen i familien er villige til å fortelje henne det.

Det er per definisjon ein ungdomsroman, så den er lynkjapp å lese igjennom; språket er effektivt og drivande. Det vert ikkje for mange tilbakeblikk eller frampeik, ikkje for mykje sutring til trass for traumet Cady har vore igjennom, eigentleg er det ein veldig godt balansert roman. Sjølv om denne boka kom før Piken på toget, vil eg påstå at dette er «ungdomsmotstykket» til Paula Hawkins sin bestselger.

Forlag: Fontini
Utgivelsesår: 2015