Viss du er vaksen, har du kanskje ikkje sett denne boka før. Den står nemleg i ungdomsbokhylla hos bokhandlane, fordi Cappelen Damm har sagt det er ein ungdomsroman. Og sjølv om den absolutt passar til ungdom (hovudpersonen er 18 år), så passar den like bra for vaksne.
Ida føler seg eksotisk heime i Noreg. Ho er eit resultat av moras affære med ein lærer på utveksling i USA. Og attpåtil ein lærar som var halvt indianer! Faren er død, men Ida veit at ho har to halvbrødre på den andre sida av Atlanteren. Så då gjer ho det same som mora, reiser til Minnesota for eit sommarkurs på MLU. Når ho kjem dit, byrjar ho leitinga på familien sin. I tillegg utvikler ho eit par vennskap, forelskar seg (ikkje i ein lærar, hehe), prøver seg som journalist (draumen er å kunne leve av å skrive om indianarar) og oppdager at det meste har konsekvenser.
Det eg likte best med boka, var all historia om indianarar som er plotta inn; indianarkrigar, kasinoa, kontrastar mellom rike og fattige indianarar, alkoholproblema, forholdet til kvite og delvis kvite, delvis indianarar. Indianaren Paul gjer eit særleg sterkt inntrykk, han er eit levande eksempel på korleis ein hard oppvekst i reservata er.
Boka er ikkje veldig forutsigbar, her er eit par gode vriar som held historia interessant frå ende til annan. Kulturkrasjet mellom USA og Noreg eksisterer faktisk, og det er ganske fascinerande. Anbefalast!
Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016