Sitat

«Barna fra toget» av Christina Baker Kline

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Dette er ein sterk og gripande roman om korleis barn (både i 1929 og 2011) opplever det når systemet sviktar dei totalt. Når barneheim og fosterheim er løysinga, men ingen bryr seg eigentleg om kva som skjer med dei. Når dei kjenner seg redusert til eit namn på eit skjema, redusert til ei handelsvare eller ei plage. Om kor raskt ein må vokse opp for å overleve mangelen på omsorg.

Boka handler om Molly – 17 år og i fosterheim. Ho har hatt det vanskeleg stort sett heile livet, og ho er sint på alt og alle. Ho hatar skulen, ho hatar fostermora si. Etter å ha stole ei bok, må ho utføre samfunnstjeneste, og blir sett til å rydde loftet til den 91 år gamle Vivian. Der blir ho kjend med den gamle dama, som er ganske sprek og livlig for alderen.

Vi får òg lære Vivian å kjenne. Rett før børskrakket emigrerte ho med familien sin frå Irland, og dei flytta til New York. Men Vivians skjebne er trist: familien døyr i ein brann, og ho vert sendt på barneheim. Derifrå vert ho sendt på eit tog – «barnetoget» til Midtvesten, for å bli adoptert. Stort sett vil adoptivforeldra ha ein baby, eller ein stor unge som gratis arbeidskraft på gården. Resultatet av eit så laussluppent barnevern, er tragisk for den ni år gamle jenta. Men ho er tøff, og det skal mykje til for å stanse henne.

Historia til Vivian slår meg som ein alternativ versjon av Anne frå Bjørkely (skam deg dersom du ikkje veit kva bok eg snakkar om!), noko som er litt morosamt med tanke på kor sentral den boka eigentleg er for Vivian. Begge kjem jo dundrandes med eit tog, på vei mot ein ny heim. (Dette med barnetog var jo faktisk ei heilt seriøs greie, og det er jo ganske småsjukt. Det er ikkje noko vi høyrer noko om! Korleis er ikkje dette allmenn historie? Og apropos amerikansk historie, Molly er delvis indianar, noko som gir eit ekstra lite lag til historia.)

Altså, for eit språk Baker Kline har! Ho leikar seg gjennom teksten, som er lettlest og fengande. I kombinasjon med den rørande historia, er den totale opplevinga djupt rørande. Faktisk lurer eg litt på kvifor omslaget er så trist og deprimerande, det verkar litt avskrekkande på meg. (Sjølv om enkelte delar av historia er trist.) Og kvifor er ikkje dette ein ungdomsroman? Molly er ein lett karakter å knytte seg til, og ho verkar veldig naturleg og ekte. Det same gjeld Vivien. Historiene deira er begge godt skildra, og det er lett å tru på. Vivian er ein litt meir sympatisk karakter enn Molly, men også Molly veks på deg. Når ein vert kjend med henne.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2014

Advertisements