Sitat

«Evening Primrose» av Kopano Matlwa

Eg har for tida ansvaret for engelsk skjønnlitteratur på jobb, og prøver alltid å finne noko nytt og spennande å putte i hyllene. Eg er ein sucker for flotte omslag (spesielt med blomster), så denne frista litt. Og for ei sterk bok det viste seg å vere!

Dette er ein kort og vond bok om ei ung jente som mister si kristne barnetru, får naiviteten sin utfordra og sitt syn på medmenneskelighet knust. Vi tenkjer kanskje litt for ofte på vårt eige land og korleis vi opplever store mengder innvandring frå kriseramma land, men vi er jo ikkje dei einaste. I Sør-Afrika slit mørke (er det politisk korrekt?) med å gjenoppta kulturen «vi kvite» øydela, asiatar (spesielt kinesarar) innvandrer og ikkje minst menneske frå andre afrikanske land, som er bittelitt mørkare i huda. Og folk er dessverre like trangsynte over heile kloden.

Hovudpersonen, sør-afrikanske Masacheba har drøymd om å bli lege heile livet. Yrket viser seg å vere heilt grusomt: elendige ressursar på eit offentleg sjukehus, rasistiske kolleger og pasienter, pasienter som døyr, eller er utakknemlege og berre suger alt livet ut av henne. Mot si religiøse og litt rasistiske mor si vilje, flytter ho saman med Nyasha, ein politisk kollega frå Zimbabwe. Frustrert over framandfrykta og framandhatet som florerer i landet, restane og konsekvensa av apartheid og ein fæl jobb, starter Masacheba ein underskriftskampanje. Ikkje alle av Masachebas landsmenn set pris på hennar ønske om å inkludere innvandrar, og bestemmer seg for å «korrigere» henne, på den verst tenkelige måten.

Historia er fortalt gjennom notatboka Masacheba bruker til å be til Gud, ein Gud ho får mindre og mindre tiltru til. Kva slags Gud ville la henne oppleve det ho gjorde? Eller lar verda vere slik den er for tida? Korleis kan ein påstå at han elskar alle menneske likt, at han kan tilgi alt? Må ho møte desse onde menneska i himmelen òg, held det ikkje å vite at dei er på same jord som henne?

Dette er som sagt ei sterk bok, med heftige tema, der spesielt framandfrykt (xenofobi) er dratt fram i rampelyset. Eg synest språket er veldig godt, og dagbokforma gjer at det vert personleg, autentisk og djupt rørande. (Boka burde jo faktisk vere truverdig, då forfattaren sjølv er ei ung kvinne, utdanna som lege.)

Forlag: Sceptre
Utgivelsesår: 2017