Sitat

«Maresi» av Maria Turtschaninoff

Boka er eit førehandseksemplar frå Gursli Berg forlag

Maresi er den første boka i fantasyserien Krøniker fra Det røde klosteret, og gjett om eg gler meg til nummer to og nummer tre! (Som kjem neste år og i 2019.) Forfattaren er finsk-svensk, og har fått kjempeskryt for boka, med god grunn. (Eg håper òg det kan bli ein knallgod film av denne boka, for filmrettane er allereie solgt.)

Maresi er ikkje berre tittelen på boka, men òg namnet på hovudpersonen. Dei siste fire åra har ho budd på øya Menos; ei knøttlita øy med eit kloster, og kun kvinner har adgang. Her tilber dei Urmora, dyrker mat, syng og ber, og lev eit ganske så typisk klosterliv. Det er lenge sidan det var noko dramatikk på øya, men dette kjem til å endrast når Jai dukker opp. Jai kjem i land på øya forslått, skitten, full i arr og livredd. Ho rømde frå det gamle livet sitt, og forfølgjarane hennar vil veldig gjerne straffe henne. Så gjerne at dei ikkje stoppar for noko, og ein dag kjem dei i eit skip til øya.

Eg må innrømme at det tok litt tid før det verkeleg vart spennande (men så er jo dette ei krønike, ikkje ein thriller), men når det først tok av — herregud, så ufatteleg intenst! Eg ville berre at boka skulle vere lengre, men eg veit ikkje om eg hadde takla det. Det går liksom frå å vere ei ganske interessant skildring av eit liv i eit kloster på ei øy, med vennskap, mat, religion, historie og generelle plikter, til å bli grøssande skummelt og hjerteskjerande. Så om du begynner på boka og synest det går litt trått, hald ut! Det er trass alt den første boka i ein serie, og Turtschaninoff må jo få lov til å skildre dette universet før vi går så mykje vidare.

Apropos skildringane, så er er det Maresi sjølv som skriv ned desse hendingane så raskt ho kan etter at dei hende. Ho er berre tretten år når ho skriv, og ho kan ikkje hugse alt. Ho gir si side av saka, og det vert utruleg vellukka. Det er òg dette som gjer at eg synest boka passer best for ungdom, sjølv om ein eigentleg ikkje kan setje noko øvre eller nedre grenser for fantasy. Alle liker jo fantasy! (Ja, faktisk. For du kjem ikkje her og seier at du ikkje ser på Game of Thrones?)

Det er ei sterk historie om modige kvinner, i eit typisk fantasyunivers. Her er den «gamaldagse stilen», religionen står sterkt, ulikskapane mellom menn og kvinner er i fokus, og forfattaren vektlegg kor viktig kunnskap er eit samfunn – eit ekte så vel som eit fiktivt. Eg kan anbefale boka varmt, og som eg innleidde med; eg gler meg allereie til bok nummer to, Naondel, kjem neste år!

Forlag: Gursli Berg
Utgivelsesår: 2017

One thought on “«Maresi» av Maria Turtschaninoff

Kommentarfeltet er stengt.