Mykje av dramaet i debatten rundt Arv og miljø av Vigdis Hjorth og motsvaret til systera Helga, har handla om «incestanklagene» (i hermetegn fordi det ikkje har vore nokre direkte anklager frå Vigdis). Det har likevel vore mykje spekulasjonar rundt om det er sant eller ikkje: om du vil lese ei 100% fiktiv historie om ein familiemann som begår overgrep, er denne eit veldig godt val.
Familien Woodbury er tilnærma perfekt. Mora Joan er ein godt likt og høgt respektert sykepleier, ein stor del av det lokale samfunnet; dottera Sadie er vakker, populær og med perfekte karakterar; sonen Andrew er flytta til New York med partneren sin og er ein sukesessfull advokat; faren George er ein lærar alle elskar etter å stoppa ein mogleg skulemassakre for ti år sidan. Men for familien Woodbury endrar livet seg brått når George vert arrestert for seksuelle overgrep og forsøk på voldtekt på mindreårige. Halve byen vender seg mot deg, den andre halva vender seg mot jentene som kom med anklagene. Først nektar dei å tru at anklagene kan vere sanne, men litt etter litt kjem tvilen snikande – og det er denne tvilen som slit dei i filler.
Sjølv om karakterane er så klisjéfylte som dei kan bli – på grensa til karikaturar – klarer Whittall å få dei til å virke naturlege. Det er eit ømtåleleg tema, men eg synest ho vellukka klarer å få fram tilliten, tvilen, frustrasjonen over å ikkje vite – å aldri kunne vite! – og ønsket om å tru på George. Men skal dei berre oversjå jentene som stod fram? Whittall blander inn feminisme, politikk, hat mot menn som begår overgrep, hat mot kvinner som lyg om overgrep, og balanserer synspunkta på ein god måte. Det er sterk, velskriven og intelligent bok om seksuelle overgrep, vel verdt å lese.
Forlag: Hodder & Stoughton
Utgivelsesår: 2017