Boka er eit leseeksemplar frå Norli
Andre folks døtre tek ikkje opp nokon nye tema; kidnappa barn som dukker opp igjen og usikkerheita rundt om dei snakker sant, seksuelt misbruk, religion… Ingen av delane er nye, men eg synest Gentry knyttar dei saman på ein ganske så god måte.
Julie Whitaker vart kidnappa som trettenåring. Åtte år seinare står ho på døra, og vert ønska velkomen heim. Men når Anna oppdager at Julie lyg om små og store ting, begynner ho å tvile på om det faktisk er dottera hennar som er komen heim – eller om det er nokon som vil ha pengane deira. Når ein privatetterforsker kontakter Anna med sine tvil, klarer ikkje Anna å kjempe mot mistankane sine lenger. All statistikk tilseier at Julie er død – så kven er denne unge kvinna som har flytta inn i heimen til Anna og Tom?
Mellom kvart kapittel, får kanskje/kanskje ikkje-Julie snakke og fortelle si historie. Men her må du halde tunga beint i munnen, for historia vert rulla opp baklengs! Og før ein forstår det, kan det vere veldig forvirrande. Det er jo ein ny vri som gjer boka veldig spennande, men som sagt litt uoversiktlig. Dette elementet er både det beste og det verste med boka.
Når det kjem til psykologisk spenning i boka, kunne nok Gentry drøyd endå lenger med å avsløre om det faktisk var Julie. (Eg gjetta det ganske kjapt, gjer du?) Ho kunne òg gjort meir når det kjem til frustrasjonen, sorgen og hatet knytta til å miste eit barn og ikkje vite kva som har skjedd. Anna fortel liksom lesarane meir om korleis ho følte det, enn å faktisk berre føle. Slutten var veldig bra, og faktisk ganske rørande. Ein litt meir avsluttande slutt enn det som er typisk for psykologiske thrillarar. Absolutt lesverdig bok!
Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2017
One thought on “«Andre folks døtre» av Amy Gentry”
Kommentarfeltet er stengt.