Sitat

«En moderne familie» av Helga Flatland

Boka er eit førehandseksemplar frå Aschehoug

Eg forstår ikkje – alle skryt slik av denne boka? Eg vart liksom ikkje så imponert, eg. Den er for all del godt skrive, har eit interessant tema, men den kunne vore så mykje meir! Altså, handlinga er slik:

Torill og Sverre har vore gift i omtrent førti år, og i anledning Sverres syttiårsdag reiser dei på ferie til Italia med barna Liv (og mannen hennar Olaf og deira to barn), Ellen (og hennar kjærast Simen) og attpåklatten Håkon. Der annonserer dei at dei skal skiljast, og barna vert ganske så overraska. Dei kjenner alle på denne skilsmissa på sin eigen måte, og så følgjer vi dei tre barna i rundt to år etter denne annonseringa.

Bortsett frå at det ikkje stemmer heilt. Det er jo Liv, Ellen og Håkon som fortel historia, men det blir ganske ujevnt. Det er fem delar, og dei er delt slik: Liv, Ellen, Liv, Ellen, Håkon. Manglar det ein bit med Håkon inn i midten der, kanskje? Det er så mykje slike småting som plagar meg med denne boka, og det er ganske frustrerande. Som sagt, det kunne vore utført mykje betre! Eg skulle ønske at handlinga var pressa meir saman og ikkje fordelt slik den er, eventuelt fordelt jamnare på søskena. Dei skildrer same historier litt ulikt, men eigentleg er dei ganske så einige i det meste, så du mistar den tematikken litt. (Arv og miljø derimot, klarer å skildre denne kjensla av ulike oppvekstar i same hus, og det er vel den Flatland prøver å få fram òg?) Og tittelen! Eitt sett med skilte foreldre i ein familie kan vel knapt kallast «ein moderne familie»? Her er ikkje mine-dine-våre-barn, ste- og halv-relasjoner, aldersforskjellar som tullar rundt med greinene på slektstreet…

Nei, altså. Det er absolutt ei god bok, men eg er litt forvirra over at det vert trilla seksarar. Eg ville ikkje trilla meir enn fire. Har eg kanskje gått glipp av noko? Ja, kanskje. Men då er det ikkje formidla godt nok.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017