Sitat

«Krater» av Marlen Ferrer

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

Dette er den andre boka til Marlen Ferrer, den fyrste var De bortkomne. Eg har den og liggande, men har ikkje fått somla meg til å lese den enno. Etter denne opplevinga her, blir det i alle fall ikkje spesielt lenge til eg plukkar den opp. Ferrer skriv drivande godt, sjølv om det av og til går litt fort i svingane og eg skummer. (Unnskyld.)

Bo er ein ganske hard, singel type på rundt førti og bur i Oslo by. Sjølv om livet hans ikkje alltid har vore så lett, går det over til å bli direkte sært. Ein morgen går Bo frå one night standen, Leonora, for å kjøpe kaffi. Kynisk som har er, drar han ikkje tilbake til leiligheta si der denne kvinna fortsatt er og sit i senga hans, men stikk innom Kaffibrenneriet for å drikke kaffi i tillegg. Når han etter ein times tid somlar seg tilbake til blokka si, vert han møtt av politisperrer. For der leiligheta hans var, er no eit krater. Ei bombe har gått av, og snart vert det tydeleg at Bo sin nabo, Aldin, er – var – ein ung, islamsk ekstremist som har sprengt ei bombe. Seier dei, i alle fall. Bo klarer ikkje ta det inn over seg heilt. Aldin?

Resten av boka er absurde, djupt reflekterte, morsomme og politiske avsnitt om korleis Bo takler å bli heimlaus (dårlig med forsikring!), roter seg til å bli mistenkt i etterforskninga (fordi han nekter å innrømme at han faktisk kjende Aldin), ender opp på loftet til ekskona til ein framand ei stund, prøver å få kontakt med Leonora, og ikkje minst korleis tapet av Aldin preger han. Her er rett og slett mange merkelege situasjonar. I tillegg vert barndommen hans rulla opp, og det er ei sterk historie om ein oppvekst der ein kjenner seg uønska.

Ferrer har skrive fram eit komplekst forhold mellom menneske som inneheld både omsorg, kjærleik, lojalitet og frykt. Forholdet mellom Bo og Aldin er utan tvil spesielt, og går på tvers av alder, religion og seksualitet. Imponerande nok klarer Ferrer å skildre dette utan å eksplisitt kalle det som er mellom dei eit homofil forhold, og utan å gjere det til ein big deal – noko det eigentleg er, med tanke på at Aldin er ein ekstrem islamist. Sånn sett er det ei veldig politisk bevisst bok, som berører ein del sårbare tema, spesielt når terroristar vert skildra som menneske. For korleis kan ein elske ein terrorist? Kva skjer med alt det fine ein veit om dette mennesket når dei tar slike val? Forsvinn det? Forsvinn kjærleiken?

Dette er enno ei ganske ujevn, men uomtvistelig sterk, original og relativt ny stemme i norsk litteratur. Eg er glad det enno blir gitt ut såpass ukommersielle titlar i Noreg, for dette er ikkje ei bok «massene» vil sluke. Dei som har interessen, vil oppdage ei til tider fantastisk bok om vennskap, kjærleik og religion.

Forlag: Gyldendal norsk forlag
Utgivelsesår: Krater (2017)