I en mørk, mørk skog er eit leseeksemplar frå Norli
Dette er chick-lit-krim i særklasse, for alle som likte Piken på toget og Bak lukkede dører. Likevel vil eg kanskje kalle dette meir ein vanleg thriller enn ein psykologisk thriller, sjølv om du blir ganske slått ut av slutten. Utan å vere kjønnsdiskriminerande, er dette ei bok for damer. For guds skuld, vi er på eit utdrikningslag med mange fulle, unge kvinner. Det kan minne litt om Store hvite løgner, og tilfeldigvis er det Reese Witherspoon (som speler ein av hovudrollene i serieversjonen av Big Little Lies) som skal produsere filmversjonen. Eg gler meg vilt til å sjå kva det blir ut av det!
Boka handler om Leonora «Nora» Shaw. Nora er krimforfatter (!), og ganske tilbaketrekt. Difor blir ho ganske overraska når ho får ein mail frå forloveren til barndomsvenninna Clare. Ho vert invitert til Clare sitt utdrikningslag – på ei hytte i ein mørk, mørk skog. Nora vil eigentleg ikkje reise, for ho skjøner ikkje kvifor ho er invitert. Ho har ikkje snakka med Clare på ti år, og visste ikkje ein gong at ho skulle gifte seg – eller med kven?
Boka er creepy, nesten latterleg underholdande, skarp og eg kan love at du blir bli overraska av i alle fall tre ting. (Sjølv om du trur du har gjetta alt, så lover eg deg at det har du ikkje!)
Kvinnen i lugar 10 er sponsa av Gyldendal
I bok nummer to er handlinga lagt til dei norske fjordane, noko som ein kvar nordmann synest er kult (kvifor blir vi nordmenn så starstruck av oss sjølve når Norge vert nemnd av ein utlending?). Og det er tydeleg at «den vanskelege andreboka» var ganske lett for Ware, for denne er endå meir spennande! Eg vil ikkje eigentleg kalle denne chick-lit-krim, for denne er iskald og skummel som fy.
Reisejournalisten Laura «Lo» Blacklock er på minicruise langs norskekysten for å skrive om reisa med båten, Aurora. Lo er ganske stressa på turen, for rett før ho reiste frå London, hadde ho eit innbrudd i huset og deretter dumpa ho kjærasten. Det blir liksom ikkje betre når ho høyrer eit plask og ser at nabobalkongen (ja, dette minicruiseskipet har glassbalkongar!) er full av blod. Ho slår alarm, men får beskjed om at ingen kan ha blitt kasta ut av den lugaren, for det bur ingen i lugar 10. Noko som Lo absolutt ikkje kan forstå, for ho snakka då med naboen sin tidlegare på dagen og lånte ein maskara? Spenninga auker når det mellom kapitlar dukkar opp epostar, facebookinnlegg og avisutklipp datert berre to dager etter at cruiset startar, der Lo vert meldt sakna. Og så dukker det opp eit lik.
Bøkene hennar minner meg litt om stilen til Gillian Flynn, for det er ikkje alltid du liker hovudpersonen så godt. Likevel, ein får sympati. Og ho klarer å sjokkere, og måten ho held spenninga oppe på er faktisk textbook-bra. Dette er rett og slett utruleg spennande greier, og eg kan anbefale begge bøkene sterkt!
Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: I en mørk, mørk skog (2017), Kvinnen i lugar 10 (2017)