Boka er eit leseeksemplar frå Norli
Dette er ein av haustens sterkaste titlar. Folk kan kaste seksarar etter Helga Flatland, men når det kjem til psykologiske samtidsromanar, så er det Cecilie Enger som verkeleg imponerer. (Eg har lest Mors gaver òg, men den var berre sånn heilt grei.) Eg meiner det heilt seriøst, denne boka er fantastisk.
Sjølve handlinga kan oppsummerast ganske kort: Anestesilegen Carla Ruud på seksti år skal køyre heimatt til bygda ho vekste opp i og besøke mor si. Når ho nemner dette for ein kollega, spør han om niesa hans som skal den vegen, kan få sitte på? Carla seier at det er greitt, og hentar manusforfattaren Synne på tjueseks år. Turen blir ganske slitsom for Carla, for Synne maser og spør oger utruleg betrevitande og pompøs. Men så treff bilen ein issvull og skjener av vegen. Synne dør. Carla kan berre site makteslaus og sjå på.
Boka dreier rundt korleis Carla takler dette dødsfallet. Skuldkjensla ho både har og ikkje har, refleksjonane rundt om ho skal kontakte foreldra til Synne. Og ikkje minst smerten ho kjenner på, som er veldig ironisk med tanke på jobben hennar innan anestesien. Når Carla så finn dagboka til Synne i bagasjen hennar, klarer ho ikkje motstå freistinga det er å lese.
Det er så utruleg levande skildra, eg kunne sjå absolutt alt medan eg leste. Boka er dramatisk, fin, sår og sterk. For ikkje å snakke om kor reflektert og velresearcha den er! Dette er som sagt ein av dei sterkaste norske titlane i år, kanskje den sterkaste? Kjøp den til deg sjølv, kjøp den til alle du kjenner!
Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017
Fleire bøker av Cecilie Enger finn du HER.