Sitat

«Charlotte» av David Foenkinos

Boka er sponsa av Solum Bokvennen

Det einaste forholdet eg har til bøkene til franske Foenkinos, er den korte og supersøte kjærleiksromanen Nathalie. (Nathalie var faktisk ei av mine første omtaler her på bloggen, så eg blir litt nostalgisk og småflau av å sjå den att.) Men den likte eg jo supergodt, så når eg oppdaga Charlotte (skriv han kun bøker med kvinnenamn som tittel?), så vart eg jo freista.

Charlotte er ein biografisk roman, basert på livet til den tysk-jødiske kunstneren Charlotte Salomon, som døydde 26 år gamal. Ho skreiv faktisk ein sjølvbiografi, og herifra har forfattaren henta mykje inspirasjon og kunnskap. Vi er jo i Tyskland på tredve- og førtitalet, så nazismen speler ei stor rolle i boka. I tillegg var jo Charlotte og hennar familie ein del av den kulturelle eliten, og vi veit jo alle kva som etter kvart skjedde med jødiske kunstverk, jødiske artistar, kunstnarar og forfattarar. (Om du ikkje veit det, google litt rundt og førebu deg på eit sjokk. Og sjå filmen The Monuments Men!)

Charlotte får ein dårleg start på livet. På morssida i familien tek folk sjølvmord tilsynelatande heile tida, og når ho er ei lita jente er det mora som tek sitt eige liv. Faren er kirurg, og har ikkje moglegheit til å vere heime med ei lita jente. Han gifter seg med sangerinna Paula, som er ein praktiserande jøde. Sjølv om Charlottes familie til no har vore sekulære jøder, tek dei opp att tradisjonane Paula er så glad i. Men Tyskland endrer seg raskt. Charlotte klarer å bli den eine prosenten jøder som får gå på Kunstakademiet i Berlin, og ho set i gong som måler for alvor. Og så dukker Alfred opp – mannen i hennar liv. Charlottes liv vert meir og meir komplisert, og ho reiser til slutt til Frankrike. Det er ikkje noko hemmelegheit at Charlotte døyr under krigen (bare sjå alderen hennar), men livet hennar under krigsåra er fascinerande og hjerteskjerande.

Språket er noko for seg sjølv! Sjølv om du går djupt inn i kjenslene til folk, er det ein «eg»-forteljar i boka som skriv denne historia. Ganske spesielt, men det fungerer. Setningane kjem ganske oppstykka, og her er omtrent like mange linjer som setningar. I tillegg er boka delt inn i delar, som er delt inn i kapittel. Denne hakkete lesninga kan jo slå to veger, og den skal nok vere med på å gjere tempoet i romanen roleg og sakte. For meg vert det heilt motsett! Det gjer at det blir lyrikk, engasjerande poesi! Eg les fortare og fortare inn i meg – sluker det – og kjem til eit punkt der eg vil rope ut teksten! Og så kjem eit nytt avsnitt, og eg startar sakte igjen. Og slik går tralten. (Forfattaren har i eit kapittel forklart kvifor boka er skriven slik.)

Overraskande nydeleg og lettlest bok, som dei færraste (om nokon) vil angre på at dei tok seg tida til å lese. Enten du er glad i lyrikk, bøker med poetisk språk, historiske romanar, kunst, historie eller berre ei god forteljing, er Charlotte midt i blinken.

Forlag: Solum Bokvennen
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av David Foenkinos finn du HER.

Advertisements