Sitat

«Håndbok for flyktninger» av Vegard Sæteren

Boka er sponsa av Flamme forlag

Dette er debutboka til Vegard Sæteren, og for ein debut! Det er sjeldan eg har lest ei diktsamling som balanserer så hårfint mellom alvor og vill humor, men det kan sjå ut som om Sæteren berre leikar seg gjennom heile teksten.

Blant anna er her mykje bruk av kjente eventyr, sanger og rim med ein liten (eller stor!) tvist. Her refererast det til norsk folkelig litteratur både opp og i mente. Og det er så utruleg artig! Både eg og Jonas (som las samlinga før meg) lo høgt, og vi kan begge skrive under på at dette er humor. Som diktet om Gubben og gamla og diktet om Tre små kinesere, fantastisk fin gjendikting! Men dei er veldig lange, altfor lange til å gjengi her. Så kva med dette:

dere er sikkert slitne
bare det å
omadressere aviser
vaske ut av huset
ringe strømleverandøren
og pumpe opp gummibåter

dere måtte kanskje leie en oppbevaringsboks til alle tingene?

legge perifere naboer til på facebook og snapchat
love å holde kontakten

Det drypper jo av sarkasme! Dette er det første diktet i del to, «avslapningsøvelser». Altså, sjå kor ærleg bekymringa verker i første linja og så blir det jo berre mindre og mindre seriøst. Som om det å omadressere eit avisabonnement var noko av det verste med å flykte frå krig. Vi klarer å trekke ein parallell her, folkens? Utan at eg skal legge ord i Sæteren sin munn, så kan vi jo reflektere litt over kor overflatisk omsorgen vi har for flyktningar er. Og dette er jo den typen ting vi sjølv må gjere når vi skal flytte, kor sjølvopptatte er det mogleg å bli? Eg kan jo fortsette å vise denne fantastiske demonstrasjonen av kor altfor bra vi nordmenn har det:

en gang
holdt jeg på å bli spist

av en ulv
jeg var ute og løp i skogen
med en
følelse av
at den var rett i nærheten

så forferdelig

det er vondt å leve med

Dette er ei så dagsaktuell diktsamling som ein får. Aktuelt som faen, faktisk. Du kan finne framandfrykt, kritikk av byråkratiet, korte dikt og lange dikt, humor, alvor, og eit ønske om å hjelpe. Her er rett og slett litt for ein kvar smak. Det einaste eg har å utsette på samlinga, er kanskje den raude tråden. Den blir til tider veldig tynn (hehe), sjølv om den innimellom er tjukk som eit rep, spesielt i del åtte, «dikt i jeg-form». Alt i alt er det absolutt eit godt knippe dikt – og ein fantastisk debut – så eg trur eg runder av med «vaskelapp»-diktet:

kanskje dere kan dra tilbake dit dere kom fra?

det er
litt vanskelig

det er
litt vanskelig for oss
også

Forlag: Flamme
Utgivelsesår: 2017