Boka er eit førehandseksemplar frå Aschehoug forlag
Dette er ein verkeleg murstein av ein krimroman – og eit mesterstykke. Fransk krim, altså. Kva er greia? Kvifor funker det så utruleg bra? (Eg kunne vel faktisk skrive ein analyse om kvifor, men det trur eg at eg står over.) Det er uansett noko av det sjukaste eg har lest på lenge.
Det er så skummelt, det her. For det fyrste er handlinga lagt til foten av Pyreneene, på den franske sida. Det er fjellandskap i desember, kaldt, mørkt, ein småby med eit creepy gruvesystem frå tredvetalet. Som om ikkje det er eit ekkelt nok bakteppe i seg sjølv, er mykje av handlinga lagt til ein klinikk for dei største kriminelle psykopatane i Europa, samla på Wargnierklinikken opp i fjellsida – her er altså jævlig farlige psykisk sjuke menneske i ein skummel liten fjellby. Og betre blir det faen ikkje av å dra inn døde, flådde hestar, seksuelle overgrep og groteske mord. Hjælpes.
Historia startar med at ein flådd, opphengt hest vert funnen i toppen av gruvene. Kriminalførstebetjent Martin Servaz vert heller sur når han oppdager at han skal bruke tida si på å etterforsket drapet på ein hest. Men det er ikkje kva hest som helst, men hesten til forretningsmogulen Éric Lombard. Det heile synest ganske dumt for Servaz, heilt til ein farmasøyt i byen vert funnen, brutalt myrda. Og når DNA frå den farlegaste innsatte på Wargnierklinikken dukker opp på begge åstadene, veit ingen kva dei skal tru. For den berømte mordaren Julian Hirtmann kan vel ikkje ha kome seg ut frå cella si? Eller? Og om han hadde det, kvifor drepe ein hest og så reise tilbake til klinikken?
Eg skal ikkje avsløre så mykje meir av handlinga (og her er mykje, for det er cirka 630 tettpakka sider), men eg kan love at den er fantastisk bra. Kven kan finne på slikt? Plottet er så intelligent, riv ruskande gale, og spenningsoppbygginga perfekt. Boka blir berre betre og betre, og Minier vrir seg elegant gjennom heile historia. Eg vart berre meir og meir nysgjerrig, men klarte ikkje gjette korleis det her ville ende. Og så det med hesten, det er ganske bisart og grotesk. Fantastisk ekkelt.
I tillegg er boka ganske samfunnspolitisk av seg. Media vert kritisert, det psykiske helsevesenet i Frankrike får gjennomgå og samfunnet generelt. Det er definitivt ein fullpakka kriminalroman som vil suge deg inn. Eg slukte den på eit lite døgn, og elska kvart minutt av denne brutale og sinnsjuke (!) historia.
Den franske originalen er utgitt i 2011, noko som forklarer kvifor folk fortsatt bruker MSN og har klapptelefonar. (Det er jo lov å flire litt av akkurat det, synest eg.) Men ja, det slutter jo ikkje her! Dette er den fyrste boka i ein serie om Martin Servaz, og det er vel komne ut tre på engelsk, trur eg? Så her er mykje å sjå fram til!
Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017
Fleire bøker av Bernard Minier finn du HER.
One thought on “«Hvis helvete var av is» av Bernard Minier”
Kommentarfeltet er stengt.