Sitat

«Blå» av Maja Lunde

Boka er eit førehandseksemplar frå Aschehoug

Blå er den etterlengta andre vaksenboka til Maja Lunde, som i 2015 slo gjennom med romandebuten Bienes historie. Men dette veit du jo, om du er berre bittelitt interessert i norsk litteratur. Det er lova fire bøker i det som no heiter Klimakvartetten, med Blå som nummer to. (På fleire måter, men det kjem eg tilbake til.)

I 2017 møter vi miljøforkjemparen Signe, som er komen att til heimbygda si i Sogn og Fjordane. På 70-talet var ho ein av demonstrantane mot rørlegging av elver i bygda, og når ho no kjem heim som pensjonist, oppdager ho at folk er begynt å forsyne seg av is frå breen òg. For å ha i drinkar i byar som Dubai, ekte fjordis. Ho vert rasande, og legg til sjøs med båten sin, «Blå», for å oppsøke eksen som har vore med på å godkjenne denne utskjeringa av is. I 2041 møter vi David, som er klimaflyktning. Han er på veg gjennom Sør-Europa med dotter si, etter at Frankrike og Spania ikkje har mykje ferskvatn att. Havet har stige, og det meste av vatnet er salt. No har han mista kone og son, og er på desperat jakt etter dei, og eit betre liv lenger nord, der det enno er drikkevatn.

Språket til Lunde er absolutt godt, og ho klarer jo å skape ein driv få andre klarer. Likevel føler eg at historia aldri kjem skikkeleg i gong?

Det kjennest litt skummelt å skrive om denne boka. Eg var så vanvittig begeistra for Bienes historie då eg las den i 2015, og den er fortsatt på topp 10-lista mi. Så ein kan jo trygt seie at fallhøgda var stor. I tillegg las eg anmeldelsen til NRK av boka før eg starta, og den var jo heller kritisk. Kanskje eg ikkje ville tenkt over enkelte svake element om eg ikkje hadde lest anmeldelsen først, men slik blei det jo ikkje.

Eg må jo seie meg einig i fleire av punkta NRK sin anmeldar, Marta Norheim, tek opp. Skildringane av Sogn og Fjordane er ganske så slappe. Eg er ikkje så nøye på det språklege der, for Lunde skriv jo på bokmål og det får vere greitt, men eg kjenner meg ikkje mykje att i fylket mitt. Kor mange små bygder i Sogn og Fjordane har ein buss som går ein gong i timen? Lunde vart jo kalla researchdronninga for ikkje så lenge sidan, men Sogn og Fjordane var ikkje så nøye å sjekke ut om, eller? (Ikkje sint, berre skuffa.)

Andre svakheiter er jo dette at ein blir «leidd ved handa» som Norheim skriv, for det kjente eg verkeleg på. I den første boka av Klimakvartetten, gjekk det liksom eit lys opp for deg undervegs og boka krevde at ein fulgte med og resonnerte sjølv. Her treng du ikkje bruke hovudet omtrent ein einaste gong, for så godt som alt er uttalt og forklart i detalj. Det grenser til ein underhaldningsroman. Og dei få trådane om feminisme og likestilling som dukker opp, men som går ingenstads, og dei filosofiske spørsmåla til barnet om å «eige vatn», er billige triks ein såpass talentfull forfatter kunne spart seg.

Ein kan snakke om å hoppe etter Wirkola, men her må altså Lunde hoppe etter seg sjølv. Og dessverre kjem ho til kort. Når det er sagt, er ikkje boka dårleg. Den er underhaldande, velskriven og til tider rørande. Den kan absolutt skape engasjement og er opplysande, men for meg vart det ikkje heilt det store. Eg anbefaler (sjokkerande nok, til å vere meg) å lese bok to, Blå, før du les Bienes historie (om du ikkje har lest den allereie). Viss ikkje trur eg du blir ganske skuffa.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Maja Lunde finn du HER.