Leseeksemplar
Dette er den første vaksenboka mi av Heidi Linde. Eg hugser eg hadde (og likte!) nokre av ungdomsbøkene hennar då eg var sånn ni-ti år gamal, Jug! og Sug. Eg har hørt både veldig positive og nokre lunkne ting om boka, så eg var veldig spent då eg starta. Eg har hatt den liggande nokre månader no, men har ikkje turt å byrje før no. Så … here we go!
Kaja har flytta på hybel, og skal ein mandags morgon ta bussen tilbake til skulen og hybelen. Liv Karin har anstrengt seg for å lage ein fin frokost og start på veka for dottera, men alt ender med kjefting og krangling. Kaja fyk rasande på dør. Denne krangelen er det siste som hender mellom mor og datter – Kaja kjem snart til å døy.
Vi møter òg fleire karakterer i den bygda, som tilfeldig eller ikkje har noko med Kajas død å gjere. Trådane vert samla heilt på slutten, og det går for min del berre sånn halvvegs opp. Ja, ein eller to var kanskje verdt å blande inn i historia, men eit par er skikkeleg unødvendige. Og eg synest oppbygginga var så rar, eg skulle gjerne hatt mykje meir om livet til Liv Karin og korleis ho takla denne sorga, for så langt kjem vi aldri i boka. Det hadde vore mykje meir interessant enn til dømes historia om Ingeborg eller Jonas. Og det var eigentleg den historia eg hadde forventa å få servert?
Vi befinn oss i ei lita vestlandsbygd (hurra!), og eg må innrømme at det er veldig velskildra. Linde har gjort ein kjempejobb med researchen sin, så eg aksepterer lett at dei snakker (skriv?) bokmål. (For eg har klokkertru på at folk må få skrive på det målet dei vil, uten at alle skal kome og klage.) Det er ikkje dårleg, berre det! Faktisk er det heller sjeldent. (Til dømes synest eg Maja Lunde gjorde ein elendig jobb med si «vestlandsbygd» i Blå. Rett og slett litt flaut å lese.)
I utgangspunktet synest eg ideen er veldig god, men det blir litt for mange karakterer, litt for overflatisk og utvatna, og til tider litt langdrygt. Historia er god, men blir nesten litt «overfortalt» av alle dei ulike stemmene. Og så skriv jo Linde sånn sett veldig godt (godt nok til at sidene går kjapt unna), men ho makter ikkje å skildre karakterane såpass nært at ein får medkjensle med dei på dei få sidene dei totalt er med. Dermed berører det – og boka – meg ikkje slik eg skulle ynskje det gjorde. Alt i alt vart det ei ganske midt på treet-oppleving. Dessverre.
Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017