Når eg les YA er det stort sett fantasy eller bøker om seksualitet. Det var jo slik med den førre boka til Williamson (som eg las på norsk), Kunsten å være normal. (Og den var jo heilt fantastisk!!) Den handla om å vere født i feil kropp, og korleis to ungdommar takler dette. Denne boka pirker derimot ikkje borti så mykje når det kjem til seksualitet (sjølv om her er mykje av den), det er ikkje det som er temaet. Det eg liker med boka, er fokuset den set på korleis ein passer inn i sin eigen familie. Dei fleste ungdomsbøker tek for seg det å passe inn, men som oftast gjeld dette sin eigen kropp eller i samfunnet eller på skulen. Sjeldan har eg lest ei så god skildring av det å ha søstre.
For det er dét som er greia her. I familien til Mia er dei tre søstre: Grace som er eldst, får perfekte karakterer og aldri gjer noko gale; Audrey som er yngst, og kjapt blir sett på som England neste olympiske håp innan svømming; og så er det Mia. Mia har ingen spesielle evner, interesser, talenter. Ho vil berre henge med vennane sine, drikke og flørte. For er det noko Mia kan betre enn søstrene sine, så er det å vere sexy. Og det kjennest fint å bli sett av folk, når du føler at foreldra dine ikkje gjer det.
Eg har òg vokst opp som «dritten i midten», med ei søster på kvar side. (Og fleire halvsøsken, men dei var flytta ut før eg vart tenåring.) Det var underleg autentisk, og eg må innrømme at eg nesten skamma meg enkelte stader eg kjende meg att i teksten litt for godt. For eg har vel kanskje hatt same rolla i min familie.
Aldri har eg lest ei så god ungdomsbok, spesielt når den ikkje tar for seg store kontroversielle tema eller har store vrier. Det er rett og slett berre eit fantastisk godt portrett av ei jente på vei til å bli vaksen. Eg kan absolutt anbefale den for alle som liker Becky Albertalli, John Green, Adam Silvera osv. Eigentleg kan eg anbefale den uansett; ein av vårens beste leseopplevingar.
Forlag: David Fikling Books
Utgivelsesår: 2017
Fleire bøker av Lisa Williamson finn du HER.