Leseeksemplar
Tante Ulrikkes vei er ei fantastisk god bok! Eg veit ikkje om eg kan seie så mykje som ikkje allereie er sagt. Den har allereie vunne prisar, fått fantastiske kritikkar og solgt i bøtter og spann. (Med god grunn.)
Om du ikkje allereie har fått med deg handlinga i boka, så er den like enkel som den er kompleks: to unge gutar frå Stovner, med innvandrerforeldre, som i eit forskningsprosjekt skildrer kvardagen sin. På den eine sida har vi breva til Mo (Mohammed), som verkeleg er det norske idealet på kva ein integrert person skal vere; han er skuleflink, lovlydig og snakker perfekt norsk. På den andre finn vi Jamal og hans innlesinger, ein heilt annan type; slang, banning, han dropper ut av skulen og røyker mykje hasj – generelt ein vandrande stereotypi.
Men du treng ikkje fokusere berre på bakgrunnen til desse ungdommane som vi følgjer gjennom fem-seks år. Boka hadde vore like god om dei var etnisk norske, for problema dei møter i kvardagen er like eksisterande for alle. Og så har dei sine eigne, meir spesifikke problem – men det har vi jo alle. Karakterane er utruleg autentiske, og det riv i hjartet mang ein gang i løpet av lesinga.
For å oppsummere: romanen er fantastisk god. Og eg trur eg må avslutte her, for vi diskuterte denne i lesesirkelen min på mandag, og eg har så mange refleksjoner rundt boka at eg kunne skrive eksamenen min om den. (Og den er faktisk blitt pensum ved eit studie eller to på UiO.)
Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017