Vi diskuterte Alt inkludert i lesesirkelen min i går, men eg er fortsatt ikkje heilt sikker på kva eg synest. Karakterane er veldig karikerte, alle er liksom skuggar; det er ikkje snakk om veldige truverdige eller djupe personar. Samstundes er det karakterer vi alle kan kjenne att, fordi vi har sett desse tendensene før.
Agnes er ei aleinemor som saman med dattera Maja flytter inn i et hybelhus i eit boligområde i ein ikkje-namngitt by (men vi veit vel alle at det er Oslo? Det er alltid Oslo). Ho kjem til den nye leiligheta utan flyttelass, berre med to kofferter. Når folk spør, dikter ho opp alt mogleg og prøver å late som om ho passer inn. Ho bruker mykje av tida si på FINN for å kjøpe møbler og starte livet på nytt, men ein kan ikkje seie at det er så mykje som skjer i den retninga. Ho møter mange forskjellige folk i områda rundt, på godt og vondt.
Det er ei samfunnskritisk bok, men det hadde vore bittelitt betre utan nokon av dei litt lause og filosofiske kommentarene som dukker opp (spesielt i samtalene mellom Agnes og Eva). Politiske bøker blir betre om dei ikkje prøver å vere politiske. (Det er eit ganske bra sitat om det: politiske bøker er ikkje gode, men gode bøker er alltid politiske, det er dét eg vil fram til.)
Boka var overraskande lettlest, interessant, litt monoton, men alt i alt ei ganske ok leseoppleving. Eg har i alle fall fått ganske mykje å reflektere rundt når det kjem til korleis eg bruker pengane mine.
Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2015
Fleire bøker av Marit Eikemo finn du HER.