Leseeksemplar
Dette er faktisk den første boka eg har lese av Ólavsdóttir, sjølv om eg har skjønt at ho har gitt ut fleire bøker som er omsette til norsk. Og gjett om eg har planer om å lese dei to andre! Dette var ei skikkelig god bok. Ei ganske kort bok, men kvalitet over kvantitet. (Sjølv om det heller ikkje står på kvantiteten heller.)
Jónas er ein no litt overflødig mann. Mora Gúdrun har nesten gløymd han, kona Gúdrun har skilt seg frå han, og han har nettopp funne ut av dottera Gúdrun Vatnalilja ikkje er dottera hans. Han har ingen grunn til å leve lenger, og reiser til ein by som pla vere ein flott turistby, men som no er ein ruin etter krig. (Det kan virke som om det er ein stad i Midtøsten.) Der er det ironisk nok ikkje lett å døy, og Jónas sitt perspektiv på ting blir litt – veldig – forandra.
Ein kan kanskje samanlikne det med En mann ved navn Ove (og dermed Forsøk på å være lykkelig), sjølv om dette er mykje meir litterært. Og så er fyren litt mindre furten. Men det er litt den same historia; ein sur og ganske ulykkelig fyr, gidd ikkje meir, men blir vikla inn i andre sine liv, og vipps har livet fått meining att. Denne går jo litt meir inn på større samfunnsproblem (som krig, drap og flyktninger), utan å vere deprimerande. Utruleg flott bok.
Forlag: Pax
Utgivelsesår: 2018