Leseeksemplar
Okei, eg kan jo seie det for ordens skuld: rett etter at eg hadde lest Friend Request, blei det klart at vi (i Vigmostad & Bjørke, altså) skal utgi den på norsk. Og då denne òg. (Mi utgåve er eit proof eg har fått frå importavdelinga vår.) Dette er altså ei bok eg kjem til å jobbe med, men det er såpass lenge til at det får vere greit å omtale den her likevel. Eg vil jo berre tipse om gode bøker?!
For ti år sidan satt Olivia i ein rettsal og såg tenåringssonen sin bli dømd for voldtekt. Han har alltid påstått at han var uskuldig, og no er han løslatt. Og samtidig som han blir løslatt, forsvinn Sasha, ei av jentene som vitna mot han, og som Daniel alltid har beskulda for å lyge i retten. Ellen, Sashas bestevenninne frå den tida og no romkamerat, blir panisk. Ho er overbevist om at Daniel har gjort noko mot Sasha, men politiet trur henne ikkje. Og kvifor påstår eigentleg Daniel at både ho og Sasha laug i retten? Dei fortalde då sanninga! Gjorde dei ikkje?
Chick lit-krim, absolutt. Men gud for ein god sjanger det er! Tenk på Liane Moriarty, Clare Mackintosh, Michelle Frances, Ruth Ware, Jane Corry, need I go on? God underholdning, godt plott, gode karakterskildringer og generelt ei god bok. Dette er då den andre boka til Laura Marshall, som har kome ganske kjapt etter den første. Eg absolutt digga Friend Request, og den er kanskje hakket bedre. Men denne tar utan tvil for seg ei større tema.
Forlag: Sphere
Utgivelsesår: 2018
Fleire bøker av Laura Marshall finn du HER.