I det siste har eg (tilfeldigvis) lest mange romaner basert på sanne historier frå første halvdel av nittenhundretallet. (Og gudbedre kor mykje fantastisk og fælt som har hendt i «det store århundret»!) Og alle har faktisk vore veldig gode, men dette er utan tvil den beste. Det tok meg usedvanlig lang tid å komme gjennom den, for eg orka ikkje tanken på å skumlese ei einaste side. Når eg først sette meg ned med boka, forsvann eg inn i historia på eit par sekund og sleit med å stoppe.
Under første verdskrig vert den unge kvinna Eve rekruttert til spionasje for England, utplassert i Frankrike som ein del av (det høgst reelle) spionnettverket til Alice Dubois. Livet som spion er mykje mindre glamorøst enn ein skulle tru, og Eve, AKA Marguerite, må ofre mykje av seg sjølv for å smugle informasjon om tyskarane til sine overordna. Og ikkje alt som skjer i krigstid er mogleg å komme over.
Andre verdskrig er nyleg slutt, og nitten år gamle Charlotte leiter etter sitt franske søskenbarn som på mystisk vis forsvann under krigen. Det er liten hjelp å få i søket sitt, men Charlotte er ei jente som ikkje bryr seg mykje om kva andre meiner og seier. Ho er sterk, intelligent og sta – alt ei ung kvinne ikkje burde vere på første halvdel av nittenhundretallet. Og desse egenskapene er det som fører ho ut på ei totalt kaotisk reise (eller jakt) gjennom Frankrike med eit endå meir kaotisk reisefølge.
Så, om det ikkje var openbert allereie, så anbefaler eg denne boka ekstremt høgt! Du bør vere ganske så OK i engelsk, elles trur eg det kan opplevast litt tungvint. (Men fortvil ikkje, den norske utgåva er her om ein månad!) Men for meg var boka i alle fall spenning og drama frå ende til annan, full av mørk humor, sterke kvinner og overlevelsestrang. Ei seriøst fantastisk historie, bygd på grusomme realiteter.
Forlag: William Morrow
Utgivelsesår: 2017