Sitat

«De usynlige», «Hvitt hav» og «Rigels øyne» av Roy Jacobsen

Eg har nettopp hørt ei nydelig innlesing av De usynlige og Hvitt hav på Storytel. (Og ja, eg har bøkene fysisk òg. Eg må jo kunne sette dei i hylla etterpå?!) Og eg er litt lei meg for at eg enten må vente lenge på lydboka til Rigels øyne, eller så må eg lese den uten den fantastiske nordnorsken. Dilemma. (Vel, når dette blogginnlegget vert posta, er det ganske openbert kva eg landa på: lydboka.)

I De usynlige møter vi den vesle jenta Ingrid Barrøy som veks opp på (trommevirvel) nordlandsøya Barrøy på starten av 1900-talet. (Eg trur i alle fall det er Nordland. Geografi er ikkje mi sterke side.) Ho har ein kanskje ganske vanleg og unik oppvekst på den knøttlille øya med den knøttlille familien sin. Vi følgjer ho frå småbarnsalder, gjennom knytting av sterke band, store tabber, små sorger og enorme gleder; frå barnsbein til skulealder, til ho reiser i teneste etter konfirmasjonen sin.

I Hvitt hav er Ingrid blitt ei vaksen kvinne og bur no åleine på Barrøy. Ho er einsam, og livet er ikkje slik ho hadde forestilt seg det. Andre verdskrig har nådd Nord-Noreg, og den har nådd Barrøy. Ingrid sitt liv vil for alltid bli påverka av ein episode med ein russer, innleggelse på institusjon og ansvaret ho tek på seg når ho vert utskriven.

Rigels øyne var den eg likte minst. Kanskje fordi eg høyrde den så lenge etter dei to andre? (Eller kanskje eg ville synes den var endå dårlegare om eg hadde hørt den rett etter?) Eg synest ikkje handlinga var så fantastisk. Eg misliker generelt bøker som berre er ei reise, spesielt når reisene berre består av nye mennesker som er ville karakterer. (Er ikkje det berre ei dårleg unnskyldning for lite handling? En slags ukreativ måte å skape handling på?)

Handlinga er ikkje eigentleg poenget i desse bøkene, det fantastiske her er språket og formidlingsevna til Jacobsen. Det er så utruleg levande og han mestrer å skildre både dei små og store tinga så veldig fint. Uansett om eg ikkje var like gira på bok nummer tre, er det uansett ein fantastisk trilogi som fortener å bli lest av mange.

Eg kan jo òg legge til at dette var mitt første møte med Jacobsen, men det blir ikkje det siste. Eg har allerede gått til innkjøp av Vidunderbarn. (Men når eg får tid til å lese den, er eit anna spørsmål.)

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: De usynlige (2013), Hvitt hav (2015), Rigels øyne (2017)

One thought on “«De usynlige», «Hvitt hav» og «Rigels øyne» av Roy Jacobsen

Kommentarfeltet er stengt.