Leseeksemplar
Dette er ei skikkelig god ungdomsbok, ein av dei få som faktisk verker skriven for ungdom. (For det er vel ikkje berre eg som føler at veldig mange barne- og ungdomsbøker for tida eigentleg appellerer til vaksne?) Det er ei sår og fin bok om det helvetet det er å vere jente no til dags, og sjølv om det kanskje ikkje er den absolutt beste eg har lest om temaet, er det ei knallgod bok det er verdt å lese.
Nina sitt forhold på … vel, forhold, er ikkje heilt sunt. For nokon år sidan sa mora hennar til henne at det ikkje er noko som heiter ubetinga kjærleik. At det er enkelte ting som held kjærleik og forhold i live, og det er noko ein må akseptere. (Forholdet mellom mora er faktisk noko av det såraste i boka.) For Nina er dette ei sanning, så ho finn seg i det mindre hyggelige forholdet ho er i; det består hovudsakleg av sex og mangelen på telefonsamtaler. Det blir ikkje betre når det tar slutt, og han går tilbake til eksen.
Mykje av lesninga er skikkelig ekkel, ukomfortabel og ikkje minst truverdig. For alle jenter som har likt nokon som ikkje liker dei på same måten. For alle jenter som har fått hjertet sitt knust. For alle som ikkje føler seg komfortabel. For alle som har gjort ting dei angrer på. For alle som blir vaksne alt for fort.
Forlag: Kagge
Utgivelsesår: 2018