Leseeksemplar
Kinderwhore er så himla vond lesning. Og vond lesning er viktig, eg trur det er ganske naudsynt å lese god litteratur om grusomme ting i blant. Det er viktig at vi får pirka borti fordommene våre og ideane vi har om andre menneskes liv. Historia Kjos Fonn legg fram her er ikkje banebrytande – voldtekt er vel noko av det vanlegaste og eldste som eksisterer – men konteksten gjer det ekstra fælt. Vi har ein seksualisert kultur, og barn veks opp så mykje raskare, alle ser alt vi gjer, vi har tilgang til heile verden med eit klikk. Å navigere seg fram her åleine, det er omtrent umogleg. Å lese denne boka bør definitivt sette i gang nokre tanker hos leseren, og du bør bli sint.
Charlotte har ein ganske vond barndom. Ho bur åleine med mora si, men lærer raskt å ta vare på seg sjølv og bli sterk. «Sterk» for Charlotte er å slå først. Plage dei andre ungane før dei plager henne. For Charlotte er angrep det beste forsvar – spesielt sidan det ikkje er nokon andre som forsvarer henne. Ho kler av seg før ho blir avkledd, sprer beina før dei blir skilt med makt, ruser seg før ho blir dopa ned, øydelegg seg sjølv før nokon andre får moglegheita. Ho veks opp seksualisert, voldtatt, rusa, avskilt frå kroppen sin, tom i kropp og tom i hovud. Ho veks opp åleine.
Perspektivet i boka er som hever den over all liknande litteratur. Sjølv om boka er skriven i fortidsform, så møter vi barnet Charlotte som eit barn. Vi møter tolvåringen, som ikkje vil (eller kan) innsjå at ho blir misbrukt og voldtatt. Forsvarsmekanismene er skrudd på, og vi møter ei ufyselig og ubehagelig jente som legg seg etter kjærasten til mora, og deretter går på skulen og skryt av at ho har hatt sex med ein eldre mann. Etter kvart som ho veks til og livet endrer seg, endrer synsvinkelen seg òg. Ein misliker henne, synes synd på henne, er sint på henne, tilgir henne og heier på henne. Det er som å vere inn i eit eige univers når ein les denne boka, ein blir nesten Charlotte. Og det er faen så vondt.
Alle bør lese denne boka. ALLE. I tillegg til å vere ei god og veldig lesbar bok med sterkt innhald, seier den så utruleg mykje om dagens samfunn. Ein kan lære så enormt mykje frå denne boka, kanskje litt om andre, men mest om seg sjølv. Du som les dette: er det du som eig kroppen din?
Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2018
One thought on “«Kinderwhore» av Maria Kjos Fonn”
Kommentarfeltet er stengt.