Sitat

«Farvel alle hemmeligheter» av Helene Guåker

Leseeksemplar

Dei fleste les (dessverre) ikkje mykje lyrikk. Eg les heller ikkje like mykje som eg skulle ønske, stort sett kun som pensum. Og hadde dette vore til ein eksamen, kunne eg skrive ti sider om eitt enkelt dikt her, for fader kor mykje materiale her er. Men eg skal beherske meg så godt eg kan, og skrive så det faktisk er forståeleg.

Diktsamlinga er delt inn i tre deler, kvar med sitt eige tema. Det er ei utvikling frå ung, usikker og lettpåverkeleg, til sorgfull og til slutt eigerskap over sin eigen seksualitet. Etter mi meining er alle dikta veldig gode, men den første delen er eineståande. Måten Guåker skildrer vår pornofisering og overseksualisering av verden, er makelaus. Ho tek eit solid oppgjer med forventningspresset og ideala rundt kvinnelig seksualitet, presset for å vere erfaren og perfekt, og korleis vi kvinner unødig konkurrerer med kvarandre.

jeg er vel ikke den eneste som tenker:
jeg er tynnere enn henne

kommer jeg til å tenke:
sånn så jeg også ut

Om det ikkje er tatt rett på kornet, så veit ikkje eg kva som er. Vi bruker så mykje tid på å sjå på andre, tenke på andre og ønske å bli sett. Vi må alltid passe på å vere perfekte. I den andre delen av teksten er fokuset på det naturlege ved kvinnekroppen, fødsel, eit ønske om barn, spontanaborter, aborter. Skamma og sorgen som følger å ikkje kunne bere fram eit barn, det einaste vi som kvinner verkeleg skal kunne klare. I den tredje delen har kvinna tatt tilbake kroppen sin, bryr seg mindre om alle rundt seg og er sikker på seg sjølv.

Guåker tek tilbake det grove og stygge språket som ofte blir brukt av menn om kvinner, men som er ufint av oss å bruke. Vel, Guåker gir faen. Sjekk det her, så stygt, skarpt og midt i blinken:

hvor mange kukksugende kvinner
går det
på en fittesleikende mann?

jeg bare spør, jeg bare lurer:
når skal denne gjelda betales?

Sjølv om du ikkje les mykje lyrikk og tenker det er for svevande, kan eg love deg at dette er dikt du vil forstå. Dei er ganske rett fram, og ikkje minst munnlege. Det er sjeldan eg har lest så munnlege dikt, det grenser mot slampoesi. (Du veit sånne videoer du får opp i facebookfeeden din med kvinner som har lange «taler» på rim om feminisme?) Prisen er òg veldig fin, kun 279 for mykje god litteratur. Dette bør vere årets venninnejulegave. Eg kan ikkje understreke det nok; dette er lyrikk for ALLE, ikkje kun kritikarar og litteraturvitere.

Guåker har skrive ein heftig og heseblesande tekst om verdas syn på kvinners seksualitet. Feministisk litteratur, rop det med meg! Fader så mykje bra det har kome om kvinnelig seksualitet og dens plass i samfunnet i det siste, blant anna Kinderwhore, Hun ba om det, The Vegetarian, Dette skjer ikke og Kan jeg bli med deg hjem. For å nemne nokon. (Les alle, pluss mange andre.)

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2018