Leseeksemplar
I tilfelle det ikkje har vore skikkeleg openbert, så elsker eg YA. (Som er litt annleis enn det vi kaller ungdomsromaner, det er ikkje heilt det same.) Young adult-bøker. Og spesielt om unge homofile med kaotiske liv (det er så ekstremt mange fine og velskrivne kjærleiksromaner om skeiv ungdom, og eg veit ikkje heilt kvifor, men det får meg alltid i godt humør). Eg har vore ganske sjuk i det siste og knapt orka å lese på tre-fire veker, så eg håpte at denne her skulle få fart på lesinga og humøret. Og er det forfattarar eg stoler på for lettleste, sjarmerande og medrivande bøker, så er det nettopp Albertalli og Silvera – og når dei to slår seg saman …?!
Arthur er i New York for sommeren, som praktikant i moras advokatbyrå. Og han kjeder seg eigentleg, og er stressa. Foreldra krangler konstant, ting har vore rare mellom han og bestevennane sidan han kom ut som homofil og jentene på jobben er ikkje interessert i ein sekstenåring til venn. Ben har budd i New York heile livet, og har ein mykje kjipare sommar. Han har gått gjennom eit kjipt brudd med sin første kjærast, og er i tillegg stuck på sommerskule, attpåtil med eksen. Han er på vei til posten for å sende ein pakke, då han møter på Arthur. Men så blir dei dratt frå kvarandre i ein flash mob (for det er jo New York …), og dei aner ikkje korleis dei skal møtast igjen. Og er det meininga at dei skal møtest igjen? Skjebnen har i alle fall planer …
Dette er ei kjempefin og søt bok om vennskap, kjærleik, store og små gester og ikkje minst det å jobbe for eit forhold. Det var kanskje det eg likte best med boka, at det ikkje var så mykje fokus på happily ever after, men kanskje meir på kor mykje arbeid og kjærleik som ligg bak forhold, både av det romantiske og det vennskapelege slaget. Og kva er eigentleg verdt mest av dei to? Eg anbefaler dette samarbeidet like høgt som eg anbefaler dei individuelle bøkene til forfatterane; altså veldig!
Forlag: Simon & Schuster
Utgivelsesår: 2018
Fleire bøker av Becky Albertalli finn du HER.
Fleire bøker av Adam Silvera finn du HER.