Leseeksemplar
Moxie hadde eg fått anbefalt frå fleire hald før eg plukka den opp, og med åra har eg blitt veldig skeptisk til bøker som blir skrytt opp i skyene, for eg blir alltid skuffa. Så eg starta å lese, iskaldt og forberedt på det verste. Og for ein gongs skuld gjekk det altså min vei, for eg endte opp med å like boka kjempegodt.
Vivian er ei typisk flink, grei og snill pike. Ho er pliktoppfyllande til fingerspissane, har ein liten venninnegjeng og gjer alle leksene sine. Vivian er den rake motsetninga til mora si, som i sin ungdom var ein opprørsk tenåring og ihuga feminist. Men ein dag finn Vivian nokre bilder frå moras ungdom, og ho blir så inspirert. Og mest av alt blir ho sint; sint på dei kjønnsdiskriminerande kleskodene, favorisering av gutane sitt fotballag over jentenes, gutanes ekle behandling av jentene på skulen. Så i vilt raseri lager ho ei fanzine kalla «Moxie» (eit slags blad) der ho auser ut sinnet sitt og ber jentene stå opp mot urettferda. Det blir starten på ein revolusjon.
Karakterane er fine, om enn litt stereotypiske. Jentene passer inn i typiske former, men er likevel veldig komplekse og støtter kvarandre, som jo er temaet i boka. Gutane og mennene derimot er anten heilt fantastiske, eller tvers gjennom onde. Det er jo for å få fram eit poeng, men akkurat den biten bør ein vere litt forsiktige med, tenker eg – det er ikkje hjelpsomt om feminisme og mannehat vert miksa for tett. Mathieu klarer likevel å jobbe seg litt inn der på slutten, og drar inn litt meir «normale» mannfolk.
Tempoet i boka er ikkje så veldig høgt, og i starten tenkte eg at det gjekk litt treigt, men så gjekk det opp for meg halvvegs ut i boka at det føltes nesten underlig naturlig og truverdig. Det var jo fortsatt spennande og mykje opp og ned, men det blei faktisk realistisk nok til at det kunne ha skjedd. Og ikkje berre realistisk (for dessverre er jo enormt mykje av innhaldet i boka altfor realistisk), men det var inspirerande òg. Alt i alt ei veldig god ungdomsbok, med nokre gode og viktige poeng for ungdommen (og vaksne); vi kjem mykje lenger om vi støtter kvarandre i stedet for å konkurrere med kvarandre; vi kan få til endring om vi står saman; og sist men ikkje minst, er det fortsatt mykje i samfunnet som faktisk MÅ endrast på. Absolutt ei bok å anbefale!
Forlag: Kagge
Utgivelsesår: 2018