Leseeksemplar
Susanne Skogstad er ein debutant frå Nordfjordeid, der eg gjekk på vidaregåande. Ikkje er ho mykje eldre enn meg heller, så når boka fikk så mykje skryt og gode terningkast, var det jo bare å ta fatt! Og så herleg det er å lese bøker ein har store håp for, og ikkje bli skuffa?! Boka er rørande, heilstøpt og vakker i all si sorg.
Vi følgjer ei gamal dame som har mist ektemannen. Ho klarer ikkje å gi slepp på han. Dei vaksne barna går vidare med liva sine, dei har ikkje tid til å ta vare på henne eller eit stort hus, og vil ha henne inn på eldretunet. Kvinna har ein sorg, ei svartstille, som ho ikkje kan eller ønsker å bli kvitt. Ho vil berre ha mannen sin tilbake, sitt livs kjærleik. Ungane forstår ikkje, og ho klarer ikkje å få dei til å forstå.
Det er ei uendeleg vakker bok om den kvardagslege kjærleiken, gleda og sorga ved familie. Om offer. Om å bli etterlatt. Mest av alt er det ei hyllest til kjærleiken, trur eg. Det var så lett, men samstundes vondt, å vere i sinnet til kvinna. Lukka og frustrasjonen som skifta, kjensla av å ikkje bli forstått. Eg tenkte mykje på bestemora mi då eg las boka, som mista bestefar min for eit par år sidan. Dei var veldig like kvinna og mannen som vart skildra her, og eg gråt fleire gonger.
Unn deg denne boka til jul. Eller kjøp den i gåve. Uansett, leseren vil bli veldig, veldig nøgd. Det er lite eg likar betre enn gode bøker, og gode bøker på nynorsk er kanskje det aller finaste. Og når det i tillegg er handling frå ein stad som er heime for meg, fullt av ord og uttrykk eg er oppvaksen med? Då trur eg faktisk vi har nådd toppen av fint.
(Fun fact: Fjorden på omslaget, er Nordfjorden sett frå Nordfjordeid sentrum. Og skildringane av sentrumsgata der du køyrer forbi idrettshallen og barneskulen før du svinger opp til eldretunet, er akkurat slik det faktisk er på Nordfjordeid.)
Forlag: Gloria
Utgivelsesår: 2018
One thought on “«Svartstilla» av Susanne Skogstad”
Kommentarfeltet er stengt.