Leseeksemplar
Eg har ikkje oppdaga Agnes Ravatn før dei siste par åra, og eg absolutt elska Fugletribunalet. Verda er ein skandale var ganske kul òg. Dette er tekster ho skreiv på før desse, som først no er blitt bok. (For alt har jo blitt utgitt i Dag og Tid før.) Stoisk uro er todelt, der første del er Ravatns forsøk på å leve etter ulike filosofiske retningar i praksis, og andre delen er ei utforsking av Søren Kierkegaards ulike stadier.
I den første delen (som blei avbrutt halvvegs som serie) føler eg ikkje at det er veldig mykje av humoren til Ravatn som skin gjennom. Du skal vere ganske så bevandra i exphil for å henge med uten å måtte lese opp att ein gong eller to. Det er eit par artige vendingar, men eg synes ikkje det fungerer heilt. Det er rett og slett litt for mange fagtermer, ideologier og menneske å forholde seg til, og det blir faktisk ikkje folkeleg nok. Og kanskje det var derfor ho ikkje orka å fullføre serien, fordi ho merka det sjølv?
Det er i den andre halvdelen av essaysamlinga (eller smulesamlinga?) at Ravatn sin penn verkeleg kjem til sin rett. Ho er sarkastisk, sjølvironisk, nådelaus på eigne og andres veger. Her er fleire avstikkere og personlige historier som gjer at ein klarer å verkeleg forstå stoffet. Kierkegaard var vel den filosofen vi var minst borti på pensum då eg sjølv tok exphil, men eg følte likevel at eg hang med. Kanskje fordi her er meir plass til å formidle mindre innhald? Det er plass til alle «smulane» i Ravatns hovud, og det er akkurat det som gjer tekstane hennar så gode.
Alt i alt var det veldig bra, og siste halvdel raste av garde. Og eg følte at eg lærte mykje, og vart kanskje litt inspirert sjølv? (Ikkje til å prøve å følge ein filosofi, men til å ikkje leve så kategorisk, altså.)
Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2018
Fleire bøker av Agnes Ravatn finn du HER.