Leseeksemplar
Og skipet siglar vidare er en debutroman frå i fjor. Det er ein dystopi, og handlar om eit skip som siglar rundt i fjorden i ei postapokalyptisk verd. Det kan verke som om all «vår» kunnskap er vekke, for folk er konstant sjuke og døyr ofte, dokteren lager «medisin» (av grønske han berre koker på?) og ingen kan lese.
Historia sentrerer seg rundt Poll, som er blitt vaskeansvarleg på skipet, etter at førre mann nettopp døydde. Medan han vasker kahytta til kapteinen, kjem han over bøkene (som berre blir brukt til å legge ved lik som lempast på sjøen) og stel ei. Han prøver å halde dette hemmeleg, samstundes som dei aller fleste på skipet blir sjuke, inkludert kapteinen og dokteren.
Bak på skriv forlaget at dette universet er skildra «med stor overtyding og språkleg overskot», og eg synest det er vanskeleg å vere einig. Språket er ikkje dårleg, men er absolutt ikkje bokas største kvalitet. Heller synest eg ikkje at dette universet er skildra spesielt godt, og i alle fall ikkje nok. Det er for mykje som ikkje heilt stemmer, mange hol i handlinga, og slutten var ganske brå og litt malplassert.
Det som derimot er bra med romanen (og som gjorde at eg plukka han opp i det heile), var plottet og ideen bak; at vi har slike generasjonsskip, alle må leve på havet, alle er åleine. Om denne romanen hadde vore 1/4 av ein større roman, hadde det sikkert fungert betre. Det blir litt for lite handling, og eg forstår ikkje heilt poenget med handlinga som er tatt med. Kvifor dette utsnittet av livet på skipet? Eg vil vite kvifor dei har så mykje dødvekt i bøker om bord i skipet når ingen kan lese og dei berre legg ei bok ved kvart lik, eg vil vite kvifor Poll misliker Vik så sterkt. Eg treng rett og slett meir informasjon, og det synest eg ikkje at eg får.
Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2018