Sitat

«Så mye hadde jeg» av Trude Marstein

Leseeksemplar

Ein av 2018s store vinnarar, saman med Søsterklokkene og Leksikon om lys og mørke. Nominert til alt mogleg, no også P2-lytternes romanpris. Eg har holdt meg unna boka ei stund, fordi eg alltid blir skuffa over bøker som selger så bra og som blir skrytt opp i skyene, men no hadde vi valgt den som lesesirkelbok for februar, så då var det berre å legge fordommane vekk og sette i gang. Og det anbefaler eg alle andre å gjere òg!

Dette er ein oppvekstroman, med visse utsnitt frå syttitalet og til i dag. Vi følger rotlause Monika, yngst i søskenflokken, som prøver å navigere seg gjennom livet. Ho starter på jussen, men dropper den raskt til fordel for litteraturen, som ho heller aldri gjer noko stort med. Ho ønsker seg kjærleik, men innleier forhold med både ein av lærarane sine, romkameraten, og ei rekke andre mannfolk, og ingenting er bra nok etter nokre år. Vi får altså sjå bruddstykker av alle moglege slags liv, Monika i alle moglege slags roller: datter, søster, niese, venn, kjærast, eks, mor. Men aldri eigentleg som seg sjølv. Og spørsmålet eg (og fleire i lesesirkelen) satt att med var om ho eigentleg har ein substans?

Eg likte boka kjempegodt, og Trude Marstein er verkeleg eit skriveført menneske. Det var ikkje før vi plukka boka i bitar i fellesskap at det gjekk opp for meg at sjølv om eg følte sympati med Monika under heile lesinga, så mislikte eg veldig mykje med henne som person. Ho var ei dårleg mor, konstant utro, sytete, tiltakslaus og tilpassa seg og livet sitt etter den nyaste mannen i det. Det er trist, når ein tenker over det, for det gjenspeiler veldig mykje av dagens samfunn. Og det er kanskje det beste i heile boka: kor nøyaktig Marstein treff med den berømte spikeren på alle dei ulike personane i boka som karakterer vi absolutt alle møter i dagleglivet. (Eg utfordrer deg til å lese romanen og prøve å bevise at du ikkje kjenner ein som Jan Olav!)

Forlag: Gyldendal Norsk Litteratur
Utgivelsesår: 2018