Sitat

«Kvit bok mørk vinter» av Eirik Ingebrigtsen

P2-lytternes romanpris nærmer seg raskt, og dette er ein av dei nominerte bøkene som eg trur eg ganske ukjent for dei fleste. Ingebrigtsen har skrive fleire bøker og vunne fleire priser, men er ikkje noko kommersiell suksess. Urettferdig, men forståeleg.

Kosovo-krigen er over, men å kalle dagens tilstand «fred» er å dra det litt langt. Vi møter Reza, ein veteran frå krigen, som kom heim og oppdaga at ein serbisk soldat hadde voldtatt kona hans og ho var blitt gravid. Dette var for så vidt daglegdags, men Deborah nekta å ta abort eller sette bort barnet. Så Isa har hatt ein ganske vondt oppvekst med ein stefar som hater han. Det einaste lyspunktet var storebroren, Shkodran. Vi møter desse brørne og Reza då dei er med ein gjeng veteranar ut i skogen for å felle tre til brensel, og hogstdagen blir etter kvart ganske dramatisk.

Romanen er knøttliten, 122 små sider med stor skrift, så om du vil lese så mange bøker som mogleg i år, er dette ei bok å notere på lista. Handlinga går over éin dag, med fleire tilbakeblikk. Stilistisk sett er romanen ganske så bra (kulden som både er konkret og metaforisk gjennom heile boka, for eksempel), og om dette hadde vore pensum på litteraturvitenskap kunne eg nok fått ei god oppgåve ut av det. Det går i rasande tempo, raskare og raskare, her er ingen avsnitt å puste på, knapt eit punktum er brukt. Ein klarer å henge med i starten, men mot slutten så går det litt for raskt i svingane for den vanlege lesaren, og det er ikkje alt som er tatt med som føles naudsynt, samstundes som ein mangler nokre bitar av puslespelet. Om du ikkje les ein del «litterær litteratur», så er det ikkje sikkert du vil få glede av denne presise og vonde romanen.

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2018

Advertisements