Sitat

«Bernard banker på» av Ellen Mari Thelle

Leseeksemplar

Åh, gud så fin denne var! Eg veit ikkje heilt korleis eg skal skildre kva som er så himla flott med denne boka utan å øydelegge leseopplevinga, men eg veit heller ikkje korleis eg skal overtyde nokon om kvifor dei bør lese den utan å avsløre innhaldet. Hårfin balanse, her.

Hovudpersonen, ei kvinne på syttini, har budd i same blokk som Bernard i rundt seksti år. I alle desse åra har ho berre kika litt på han, tenkt på kva han og andre i blokka kanskje driv med. Så ein dag kjem dei i prat, og blir forelska. (Og lite er søtare enn nyforelska, eldre menneske.) Men det er klart det er risikabelt å forelske seg når ein er så langt opp i åra …

Dette er ei slik bok som blir betre og betre, sjølv om del to av tre paradoksalt nok var min favorittdel. Thelle kan verkeleg skrive, og ho klarer å skrive fram to truverdige, rare, kjærlige og varme menneske. Ho har ein effektiv skrivestil, men det står ikkje i vegen for skildre gode miljø og stemninger; her er enorm glede og store mengder håp.

Bak på boka står det at romanen handlar om at det aldri er for seint og at det plutseleg kan verte det likevel, og det er ei veldig god skildring (som det jo burde vere, sidan det er forlaget som har skrive det …), men for meg var det like mykje ein kjærleiksroman. Boka anbefalast varmt! (Og ikkje gi opp sjølv om første del kanskje er forvirrande, det vil gi meining.)

Forlag: Flamme
Utgivelsesår: 2018