Leseeksemplar
Mitt første møte med Mona Høvring, og eg ante ikkje kva eg gjekk til. Eg hadde berre hørt at den var bra, og så likte eg den ganske så svulstige tittelen. Og bra var den! (Og basert på dei store mengdene skryt på omslaget, er eg ikkje den einaste.)
Ella er motvillig på vei til ei fjellbygd, for å tilbringe nokre veker på eit avsidesliggande hotell med systera Martha, som nettopp er kome tilbake frå eit sanatorium. Martha vart innlagt etter å ha forlatt alt og alle, stukke til Danmark og gifta seg, og no skilt seg, og fekk anbefalt denne reisa. Ella slit med å forholde seg til at Martha er tilbake; dei var så nære då dei var yngre, men etter at Martha kom tilbake er ho ikkje den same. Og uansett kva Ella venta seg av ferievekene på hotellet, blir det ikkje som ho hadde tenkt.
Det er ei intens, velutforma historie om seksualitet, mental helse og søskenforhold. (Eg trur alle søstre kan kjenne seg igjen i skildringane av Ella og Martha.) Eg er usikker på om eg har orda til å beskrive det heilt unike språket i denne romanen, det er så stilsikkert, treffande, poetisk og jordnært. Det er ei nydeleg, ukomfortabel, innsiktsfull og gjenkjenneleg historie, og eg kan ikkje seie meir enn at du absolutt bør lese boka.
Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2018